Khartoum
Khartoum | |||
الخرطوم | |||
by | |||
|
|||
Land | Sudan | ||
---|---|---|---|
Høgd | 382 m | ||
Areal | 30 000 km² | ||
Folketal | 5 345 000 (2018)[1] | ||
Grunnlagd | 1821 | ||
Khartoum 15°36′11″N 32°31′36″E / 15.60308°N 32.52654°E | |||
Kart som viser Khartoum.
| |||
Wikimedia Commons: Khartoum |
Khartoum (arabisk الخرطوم, romanisert al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan.[2] Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.
Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956,[2] då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.
I byen ligg Khartoum universitet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.demographia.com/db-worldua.pdf.
- ↑ 2,0 2,1 «Khartoum | Location, Facts, & History», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juli 2020
- Denne artikkelen bygger på «Khartoum» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2020.