Kfar Haruv
Kfar Haruv | |||
כְּפַר חָרוּב | |||
kibbutz | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°45′45″N 35°39′49″E / 32.76250°N 35.66361°E | ||
Folketal | 306 (2006) | ||
Grunnlagd | 1974 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Kfar Haruv 32°45′45″N 35°39′49″E / 32.7625°N 35.663611111111°E | |||
Kart som viser Kfar Haruv.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Haruv |
Kfar Haruv (hebraisk כְּפַר חָרוּב, tyder 'jhannesbrødtrelandsbyen') er ei israelsk busetjing, ein kibbutz, som ligg sør i Golanhøgdene. Han høyrer til Kibbutzrørsla og Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen ligg på kanten av ei klippe, 315 meter over havet, kring 525 meter over Genesaretsjøen) som ligg 2 km mot vest.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetjinga vart grunnlagd i 1973 og tok namnet frå ein arabisk landsby som hadde lege der tidlegare, Kafr Hareb. Denne var visstnok igjen kalla opp etter landsbyen Haruva som låg i området i Talmud-tida. Innbyggjarane slo seg først ned i leiren Afik, og flytta til den noverande plasseringa (ein syrisk militærbase med utsyn over Ein Gev og HaOn) i 1974. Det var den sekstande israelsk busetjinga som vart grunnlagd i Golanhøgdene og medlemmane var israelarar og emigrantar frå USA. I 2011 var folketalet 400 innbyggjarar. 90 av dei budde då i eit nabolag som var nybygd i 2004.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Den viktigaste arbeidsgjevaren for busetjinga er fabrikken A.R.I. som produserer hydraulisk utstyr. Busetjinga driv òg jordbruk, og haustar mandlar, avokado, nektarinar og fersken.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Haruv» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.