Kersti Merilaas
Kersti Merilaas | |
Statsborgarskap | Estland, Sovjetunionen |
Fødd | 7. desember 1913 Narva |
Død |
8. mars 1986 (72 år) |
Yrke | lingvist, lyrikar, skribent, omsetjar |
Ektefelle | August Sang |
Born | Joel Sang, Liina Pihlak, Maarja Panov |
Kersti Merilaas (7. desember 1913–8. mars 1986)[1] var ein estisk forfattar og omsetjar. Ho skreiv dikt, barnelitteratur og skodespel.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kersti Merilaas var fødd som Eugenie Moorberg i Narva i Estland kort tid før fyrste verdskrigen braut ut. Den tidlege barndommen hennar var ho i St. Petersburg i lag med mora, Anna Moorberg, og systera si. Familien vende tilbake til Estland i 1917 på grunn av uroa skapt av den russiske revolusjonen. Frå 1921 til 1927 gjekk ho på skule i landsbyen Kiltsi, og fortsette så utdannina si i Väike-Maarja og Rakvere i Lääne-Viru maakond.[2] I 1932 fullførte ho vidaregåande skule i Tapa.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Merilaas debuterte i 1935 med diktsamlinga Loomingus.
I 1936 gifta ho seg med den estiske diktaren og omsetjaren August Sang (1914–1969). Paret fekk ein son i 1950, Joel Sang, som kom til å bli diktar, litteraturkritikar, språkforskar, omsetjar og forleggjar.[3]
Frå 1936 budde Merilaas i Tartu, der ho var tilsett som bibliotekar. Ho var medlem av den innverknadsrike gruppa av estiske diktarar som litteraturforskaren Ants Oras hadde ført saman i 1938, og som fekk stor påverknad på T.S. Eliot. Den vesle diktargruppa blei kjend som Arbujad ('Spåfolk'), og omfatta Heiti Talvik, Paul Viiding, Betti Alver, Uku Masing og Bernard Kangro.[4] I 1938 gav Merilaas òg ut diktsamlinga Maantee tuuled til mykje ros frå kritikarane, særleg for den lyriske framsitllinga av kjærleik og naturen.[3] Dette året blei ho også med i Det estiske forfattarforbundet.
Etter den sovjetiske okkupasjonen og annekteringa av Estland i 1944, blei verket til Merilaas sett på som upassande og ein pådrivar for såkalla borgarleg nasjonalisme. I 1950 blei Merilaas tvinga til å trekka seg frå den sovjetiske forfattarforeininga i Estland.[5] I denne perioden fekk Merilaas lov til å fortsetja å skriva, men berre for barn. I 1960, etter at tilhøva for kulturen i Sovjetunionen mjukna opp, fekk Merilaas lov att til å skriva litteratur for vaksne.
I tillegg til dikt og prosa skreiv Merilaas libretto for tre operaer av den estiske komponisten Gustav Ernesaks og omsette tyske verk av Bertolt Brecht, Georg Christoph Lichtenberg og Johann Wolfgang von Goethe til estisk.[3]
Merilaas døydde i Tallinn i 1986, 72 år gammal.
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]Poesi
- Loomingus (1935)
- Maantee tuuled (1938)
- Rannapääsuke (1963)
- Kevadised koplid (1966)
- Kuukressid (1969)
- Antud ja võetud (1981)
Barnebøker
- Munapühad (1940)
- Kallis kodu (diktsamling, 1944)
- Päikese paistel (diktsamling, 1948)
- Turvas (1950)
- Veskilaul (1959)
- Lugu mustast ja valgest (1962)
- Lumest lumeni (1982)
- Kui vanaema noor oli (diktsamling, 1983)
- Kindakiri. – Варежки (dikt på estisk og russisk, 1986)
- Siit siiani. Piksepill (posthum diktsamling, 1989 )
Skodespel
- Kaks viimast rida (1973)
- Pilli-Tiidu (1974)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1976 blei Kersti Merilaas tildelt Friedebert Tuglas novellepris for «Eilsete perest».[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Väike-Maarja World
- ↑ Väike-Maarja World
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Kiltsi Põhikool Arkivert 29. mai 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ Elic. A Short History of Estonian Literature: Literature in an independent Estonia: 1918–1940
- ↑ Lotman, Piret. Censorship During the Occupation of Estonia. Arkivert 15. juni 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ Under and Tuglas Literature Centre of the Estonian Academy of Sciencies, Fridebert Tuglas Short Story Award Arkivert 27. september 2007 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Kersti Merilaas» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kiin, Sirje: Kersti Merilaas: luuletaja elu. (in Estonian). Eesti Raamat. Tallinn 1989 ISBN 5-45-000680-2
- Hasselblatt, Cornelius: Geschichte der estnischen Literatur. (in German). Walter de Gruyter. Berlin, New York. 2006. ISBN 3-11-018025-1