Kennet
Utsjånad
Kennet og Kenneth er mannsnamn med britisk opphav. Det blir feira i Noreg med namnedag den 11. oktober. På engelsk vert namnet ofte korta til Ken eller Kenny.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Namnet Kenneth er den engelske forma av ulike namn. Det kan koma frå skotsk-gæliske Cinaed ('eldhovud' eller 'fødd av eld') eller Cainnech ('vakker'), eller frå piktisk Ciniod. Det moderne skotske namnet Coinneach er avleidd av Cainnech.
Namnet blei kjend utanfor Skottland gjennom romanen The Talisman (1825) av Sir Walter Scott.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Den heilage Kenneth
- Kenneth I av Skottland
- Kenneth II av Skottland
- Kenneth III av Skottland
- Kenneth Grahame (1859-1932), britisk forfattar
- Kenneth L. Pike (1912-2000), amerikansk lingvist
- Kenneth Kaunda (f. 1924), president av Zambia
- Kenneth Baker (f. 1934), britisk politikar
- Kenneth «Kenny» Rogers (f. 1938), usansk musikar
- Kenneth Thompson (f. 1943), programmeraren bak Unix
- Ken Livingstone (f. 1945), borgarmeister av London
- Aaron Kenneth Buttrey (1945-2004), amerikansk trommeslagar
- Kenneth Svendsen (f. 1954), norsk politikar (FrP)
- Kenneth Sivertsen (1961–2006 ), norsk musikar og komponist
- Kenneth Branagh (f. 1961), britisk skodespelar
- Kenneth Braaten (f. 1974), norsk kombinertløpar
- Kenneth Klev (f. 1978), norsk handballspelar
- Kenneth Kapstad (f. 1979), norsk trommeslagar
- Kenneth Udjus (f. 1983), norsk fotballmålvakt
- Kenneth Monsen (f. 1989), norsk fotballspelar
Som stadnamn
[endre | endre wikiteksten]Anna
[endre | endre wikiteksten]- «What's the Frequency, Kenneth?» er ein song av musikkgruppa R.E.M.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Kenneth hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Kenneth» ved behindthename.com
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Kenneth», A Dictionary of First Names, Oxford University Press