Hopp til innhald

Kelvinelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kelvin renr gjennom Kelvingrove Park.

Kelvin er ei elv i Skottland som har utspringet sitt austom Kilsyth og renn ut i Clyde ved Glasgow. Elva har ei lengd på nesten 35 kilometer.

Like før elva renn ut i Clyde renn ho gjennom Kelvingrove Park, like ved University of Glasgow. Den kjende fysikaren William Thomson Kelvin har fått namnet sitt frå elva på grunn av at han var professor ved universitetet.