Hopp til innhald

Katuaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katuaq

ArkitektSchmidt hammer lassen architects
Stilpostmodernistisk arkitektur
Kart
Grønlands Kulturhus
64°10′39″N 51°44′21″W / 64.1775°N 51.739166666667°W / 64.1775; -51.739166666667

Katuaq (‘Trommestikke’), med tilnamnet Kulturip Illorsua (‘Kulturens store hus’) er eit kulturhus som ligg i sentrum av Nuuk, hovudstaden på Grønland. Katuaq er kulturhus for Nuuk og Grønland. Det har som målsetjing å stimulera og utvikla kulturlivet på Grønland, og utveksla kultur med Norden elles.[1]

Utsida av Katuaq.
Skulptuar av Isle Hessner ved kulturhuset.

Katuaq er ein trekanta bygning[2] med ein bølgjande, tilbakelent skjerm vendt mot sentrum av Nuuk. Det er løfta opp frå bakken og kledd i gyllent lerketre både på inn- og utsida. Skjermen er inspirert av nordlyset.[3]

Arkitekturen til Katuaq er inspirert av grønlandsk natur og teikna av arkitektfirmaet Schmidt, Hammer og Lassen frå Århus.[4] Bygningen vann Nykredits Arkitekturpris (1998), Statens Kunstfonds Pris (1998) og Eckersbergmedaljen (1999). Huset tilhøyrer Sermersooq kommune og Grønlands Selvstyre, og er på over 4000 m². Kulturhuset blei bygt for ca. 90 mill. kroner i perioden 1994-1997, og opna den 15. februar 1997 med opptreden av m.a. trommedansarar frå Ammassalik og bygderock frå Kullorsuaq.[5]

Bygget er dekorert med verk av kunstnarane Larry Ahkvakana, Uummatip Inaa, Aage Gitz Johansen, Isle Hessner og Buuti Pedersen.[2]

Katuaq arrangerer kulturarrangement med kunstnarar frå heile Grønland og frå arktiske Canada og Alaska i tillegg til Danmark og resten av Norden.[6] Kulturhuset inneheld to salar, ein stor (Hans Lynge-salen) og ein liten, med høvesvis 509 og 108 sitjeplassar. Den store salen, som er rund, kan brukast til både kino, konsertar, teater og møte. Staden var den fyrste kinoen på Grønland. Katuaq viser nye filmar samtidig som dei blir vist i Danmark, og kinoen gjev overskotsinnteker som er med på å finansiera den «levande» kulturen.[7] Før Katuaq blei innvigd fungerte forsamlingshuset på Aqqusinersuaq som kino.[8] Intimsalen i Katuaq er firkanta, og dannar ofte rame om foredrag og kunstneriske arrangement i mindre skala. Kaféen ved kulturhuset, Cafétuaq, er trikanta og ligg i foyeren. Han blir ofte brukt til rockekonsertar. Bygningen rommar 1.000 m² utstillingsareal og TV-studio, kunstskule og bibliotek. Bygningen rommar også Nordens Institutt, Silamiut og Nuuks byorkester.

Tiårsjubileet til Katuaq blei feira med trommedans og kaffemik.[9]

  1. «Årsberetning for 2008» (PDF). Katuaq. Henta 19. juli 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Bygningen», katuaq.gl (på dansk), henta 25. september 2024 
  3. «Katuaq Culture Centre». MIMOA. Arkivert frå originalen 20. julyi 2009. Henta 23. juni 2009. 
  4. «Kunst og arkitektur». Schmidt, Hammer og Lassen. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 19. juli 2010. 
  5. Lyberth, Juaaka (1999). «Katuaq - Kulturhuset». Inuit, kultur og samfund: En grundbog i eskimologi. Aarhus: Systime. s. 78–80. ISBN 87-616-0038-5. 
  6. Lyberth, Juaaka (1999). «Katuaq - Kulturhuset». Inuit, kultur og samfund: En grundbog i eskimologi. Aarhus: Systime. s. 79. ISBN 87-616-0038-5. 
  7. Lyberth, Juaaka (1999). «Katuaq - Kulturhuset». Inuit, kultur og samfund: En grundbog i eskimologi. Aarhus: Systime. s. 80. ISBN 87-616-0038-5. 
  8. «Julie om naturen». Henta 19. juli 2010. 
  9. «Kulturhuset Katuaq fylder 10 år». Henta 29. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Katuaq