Kassonké
Utsjånad
Kassonké Xaasongaxango | ||
Klassifisering | Niger-kongospråk Mandespråk Vestleg mandespråk | |
Bruk | ||
Tala i | Mali, Senegal, Gambia, | |
Område | Ausi i Senegal, dessutan i Mali, Gambia og Guinea-Bissau | |
Kassonkétalande i alt | 130 000 (1991)[1] | |
Skriftsystem | arabisk alfabet, latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | mlq |
Kassonké (Xaasongaxango) eller xasonga er eit mandespråk tala av kassonke-folket vest i Mali.
Språka kassonké og vest-malinké, som blir snakka aust i Senegal, er i stor grad gjensidig forståelege.
Det finst nedskrivne grammatikkbøker for kassonké, men berre eit fåtal kan lese og skrive språket. Det nye testamentet var ferdig omsett til kassonké i 2008, og Normisjon arbeider med å omsetje resten av Bibelen til kassonké.[2] Denne omsetjinga vil truleg også kunne lesast av dei som talar malinké-dialektar i Senegal.[3]