Karmosin
Utsjånad
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Karmosin er ein mørk høgraud farge med eit svakt blåleg skjær.[1] Ordet karmosin stammar opphavleg frå arabisk, og er komte til norsk gjennom tysk og italiensk frå mellomalderlatin carmesinus. Fargenamet karmin har liknande opphav.[2]
Ein kallar også stoffet azorubin.[3] Det blir noko brukt som tilsetjingstoff med E-nummeret E122, til dømes ved konservering av frukt og grønnsaker, til ost eller pølsetarmar.[3]
Mitt navn er Karmosin (Benim adım Kırmızı) er tittelen på ei bok av den tyrkiske forfattaren og nobelprisvinnaren Orhan Pamuk.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Franz Josef I av Liechtenstein måla med karmosinraud jakke i 1778 av Alexander Roslin.
-
Louise av Orléans, dronninig av Belgia, måla i karmosinraud kjole rundt 1841 av Franz Xaver Winterhalter
-
Ein karmosinraud BMW.
-
Karmosinfarga haustblad på ein vegg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Karmosin». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. mars 2019.
- ↑ «karmosin» i Nynorskordboka.
- ↑ 3,0 3,1 Ditlefsen, Anne (18. mai 2018). «Karmosin: E122». Store norske leksikon. Henta 19. mars 2019.