Kantonar i Sveits
Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.
Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.
På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.
Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.
Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.
Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km2; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.
I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.
Liste over kantonane
[endre | endre wikiteksten]Tabellen nedanfor listar opp kantonane i same rekkefølgje som i konføderasjonsgrunnloven.
Flagg | Fork. | Kanton | Sidan | Hovudstad | Folketal1 | Areal2 | Folketettleik3 | Tal på kommunar1 | Offisielle språk |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ZH | Zürich | 1351 | Zürich | 1 228 600 | 1 729 | 701 | 171 | tysk | |
BE | Bern/Berne | 1353 | Bern | 947 100 | 5 959 | 158 | 399 | tysk, fransk | |
LU | Luzern | 1332 | Luzern | 350 600 | 1 493 | 233 | 107 | tysk | |
UR | Uri | 1291 | Altdorf | 35 000 | 1 077 | 33 | 20 | tysk | |
SZ | Schwyz | 1291 | Schwyz | 131 400 | 908 | 143 | 30 | tysk | |
OW | Obwalden | 1291 | Sarnen | 32 700 | 491 | 66 | 7 | tysk | |
NW | Nidwalden | 1291 | Stans | 38 600 | 276 | 138 | 11 | tysk | |
GL | Glarus | 1352 | Byen Glarus | 38 300 | 685 | 51 | 28 | tysk | |
ZG | Zug | 1352 | Zug | 100 900 | 239 | 416 | 11 | tysk | |
FR | Fribourg/Freiburg | 1481 | Fribourg | 239 100 | 1 671 | 141 | 242 | fransk, tysk | |
SO | Solothurn | 1481 | Solothurn | 245 500 | 791 | 308 | 126 | tysk | |
BS | Basel-Stadt [Basel by] | 1501 | Basel | 186 700 | 37 | 5 072 | 3 | tysk | |
BL | Basel-Landschaft [Landskapet Basel] | 1501 | Liestal | 261 400 | 518 | 502 | 86 | tysk | |
SH | Schaffhausen | 1501 | Schaffhausen | 73 400 | 298 | 246 | 34 | tysk | |
AR | Appenzell Ausserrhoden | 1513 | Herisau4 | 53 200 | 243 | 220 | 20 | tysk | |
AI | Appenzell Innerrhoden | 1513 | Appenzell | 15 000 | 173 | 87 | 6 | tysk | |
SG | St. Gallen | 1803 | St. Gallen | 452 600 | 2 026 | 222 | 90 | tysk | |
GR | Graubünden/ Grischun/Grigioni |
1803 | Chur | 185 700 | 7 105 | 26 | 211 | tysk, retoromansk, italiensk | |
AG | Aargau | 1803 | Aarau | 550 900 | 1 404 | 388 | 232 | tysk | |
TG | Thurgau | 1803 | Frauenfeld5 | 228 200 | 991 | 229 | 80 | tysk | |
TI | Ticino | 1803 | Bellinzona | 311 900 | 2 812 | 110 | 244 | italiensk | |
VD | Vaud | 1803 | Lausanne | 626 200 | 3 212 | 188 | 382 | fransk | |
VS | Valais/Wallis | 1815 | Sion | 278 200 | 5 224 | 53 | 160 | fransk, tysk | |
NE | Neuchâtel | 1815 | Neuchâtel | 166 500 | 803 | 206 | 62 | fransk | |
GE | Genève | 1815 | Genève | 414 300 | 282 | 1 442 | 45 | fransk | |
JU | Jura | 1979 | Delémont | 69 100 | 838 | 82 | 83 | fransk | |
CH | Sveits | Bern | 7 261 200 | 41 285 | 174 | 2 890 | tysk, fransk, italiensk, retoromansk |
Fotnoter: 1 Den 31. desember 2001 Nasjonalstatistikk 2 km² 3 per km² basert på folketalet i 2000 4 setet for regjeringa og parlamentet; setet for kantonsdomstolen er Trogen 5 setet for parlamentet er Frauenfeld og Weinfelden
Tobokstavsforkortingane for sveitsiske kantonar er mykje brukt, til dømes på bilskilt og i ISO 3166-2-kodar med prefikset «CH-» – til dømes CH-SZ for kantonen Schwyz.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Kart». Arkivert frå originalen 20. mars 2002. Henta 8. oktober 2005.
- GeoPuzzle Set saman kantonar på eit sveitsisk kart
- Flagg, kart og kantonvåpen Arkivert 2005-11-27 ved Wayback Machine.