Kamnik-Alpane
Kamnik-Alpane | |||
fjell | |||
Grintovec (til venstre i bakgrunnen) og Skuta (til høgre i forgrunnen)
| |||
Land | Slovenia, Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei sørlege kalksteinsalpane | ||
Høgd | Grintovec, 2 558 moh. | ||
Koordinatar | 46°21′26″N 14°32′08″E / 46.35722°N 14.53556°E | ||
Kamnik-Alpane 46°21′00″N 14°35′00″E / 46.35°N 14.58333333°E | |||
Wikimedia Commons: Kamnik–Savinja Alps |
Kamnik-Alpane (slovensk Kamniške Alpe, tysk Steiner Alpen) er ei fjellkjede som høyrer til Dei sørlege kalksteinsalpane nord i Slovenia og langs grensa til Austerrike. Namnet kjem frå byen Kamnik. Etter den største elva i fjellkjeda, Savinja, vert fjella òg stundom kalla Savinja-Alpane (slovensk Savinjske Alpe, tysk Sannthaler eller Sulzbacher Alpen). Elva Kamniška Bistrica har kjelda si i Kamnik-Alpane. Det finst ein liten isbre nedanfor Skuta, som er den austlegaste isbreen i Dei sørlege Alpane.
Plassering
[endre | endre wikiteksten]Kamnik-Alpane ligg på grensa mellom Austerrike og Slovenia, mellom elvane Sava og Savinja. Historisk har dei danna grensa mellom hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain. Trippelpunktet på grensa låg ved Uršlja gora.
Fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste fjelltoppane er
- Grintovec – 2558 moh.
- Jezerska Kočna – 2540 moh.
- Skuta – 2532 moh.
- Ojstrica – 2350 moh.
- Storžič – 2132 moh.
- Raduha – 2062 moh.
Totalt strekkjer 28 fjell seg over 2000 meter i fjellkjeda. Den slovenske delen av kjeda dekkjer om lag 900 km². Om lag tre fjerdedelar av overflata er skogkledd, medan dei høgare toppane er trelause og berglendte.
Grenser og fjellovergangar
[endre | endre wikiteksten]I aust grensar Kamnik-Alpane til Celjehøglandet ved elva Dravinja. I nordvest ligg Karavankane og Vellachdalen.
Dei viktigaste fjellovergangane mellom Kärnten og Øvre Krain er Jezersko Pass (slobensk Jezersko sedlo tysk Seebergsattel) og Pavličpasset (slovensk Pavličevo sedlo, tysk Paulitschsattel). På den slovenske sida finst det skiområde, medan turismen i Vellachdalen er retta mot kurstader.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kamnik Alps» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2009.