Hopp til innhald

Kalevi Kotkas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalevi Kotkas


Statsborgarskap Estland, Finland
Fødd 10. august 1913
Tallinn
Død 24. august 1983 (70 år)
Vanda
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1932

Kalevi Kotkas (10. august 191324. august 1983) var ein estiskfødd finsk friidrettsutøvar fødd i Tallinn. Han var ein av verdas beste i såvel høgdehopp som diskoskasting. I 1934 vann han EM-gull i høgdehopp, fire år seinare fekk han EM-sølv i same øvinga. Kotkas var ein stor og kraftig kar på 194 centimeter, vog 100 kg.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Kotkas flytta til Finland med mor si før 1920 og fekk finsk statsborgarskap i 1932. I landskampen mot Noreg på Bislett stadion i Oslo i juli 1933 sette han sin fyrste finske rekord, med eit diskoskast på 49,64 meter.[1] Med saksestil svinga han seg den 7. mars 1934 over 2,01 meter ved eit stemne i Rio de Janeiro, ingen europear hadde tidlegare gått over 2 meter. Ved EM i friidrett 1934 i Torino vart Kotkas den aller fyrste europameisteren i friidrett. Som den einaste smaug han seg over 2,00 m. Ein hofteskade plaga han under Sommar-OL 1936 i Berlin, der han vart fjerdemann i høgdehopp.

1. september 1936 sette Kotkas europarekord i høgdehopp med 2,04 meter i Göteborg. Resultatet vart verande europeisk rekord i 17 år og finsk rekord i 20 år. Sommaren 1937 vart han den fyrste finlendaren som nådde 50-metersgrensa frå diskosringen. Hans aller lengste diskoskast kom 18. august i Helsinki og mælte 51,27 meter, finsk rekord til 1954. Under EM i friidrett 1938 i Paris deltok Kotkas i både høgdehopp og diskoskast, to tevlingar som gjekk føre seg om lag samstundes. Dagen enda med sølvmedalje i høgdehopp og fjerdeplass i diskoskast.

Kotkas var finsk meister i diskoskasting seks år i rad: 1933-38, og fem år i rad i høgdehopp: 1934-38