Kafr Batna
Kafr Batna | |||
كفر بطنا, Kfar Batna | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Markaz Rif Dimashq | ||
Nahiyah | Kafr Batna | ||
Koordinatar | 33°30′N 36°22′E / 33.500°N 36.367°E | ||
Folketal | 22 535 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC 3) | ||
Kafr Batna 33°30′00″N 36°22′00″E / 33.5°N 36.36666667°E | |||
Kart som viser Kafr Batna.
|
Kafr Batna (arabisk كفر بطنا, òg skrive Kfar Batna og Kafar Batna) er ein by i Rif Dimashq guvernement sør i Syria og ein forstad til Damaskus.[1][2] Han ligg kring 4 km aust for nabolaget Bab Sharqi.[3] Kafr Batna hadde eit folketal på 22 535 i 2004.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Kafr Batna indikerer at han var tidlegare ein arameisk landsby i jarnalderen.[1]
Under Qays-opprøret mot abbaside-guvernøren av Syria, slo opprørarane leia av Muhammed ibn Bayhas leir i byen i 842 evt. før dei drog vidare til Damaskus. Her fekk dei støtte frå andre landsbyar i Ghouta-området, som hjelte dei i det mislukka oppøret.[5] Yaqut al-Hamawi vitja byen i 1226, under Ajjubide-dynastiet, og skidlra han som «ein landsby på Ghautah ved Damaskus, i Da'iyyah iklim (distrikt).» Han skreiv òg at somme medlemmar av Umayyade-folket, som styrte i Syria fram til midten av 700-talet, framleis budde i Kafr Batna.[6]
Syrisk opprør
[endre | endre wikiteksten]Somme av innbyggjarane i Kafr Batna har delteke på begge sider under den syriske borgarkrigen. Den 29. januar 2012 køyrde stridsvogner frå den syriske hæren inn i forstaden for å drive ut opprørarar i Den frie syriske armeen (FSA), som hadde stillinga der. Sjølv om det ikkje er verifisert, rapporterte aktivitstar mot regjeringa at fem FSA-soldatar og 14 sivile,[7] inkludert minst ein mindreårig,[2] vart drepne under åtaket.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Burns, s.14-15.
- ↑ 2,0 2,1 Siddique, Haroon. Syrian troops battle to retake Damascus suburbs. The Guardian. 2012-02-29. Henta den 26. juni 2014.
- ↑ Oriental Ceramic Society, s.24.
- ↑ Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
- ↑ Cobb, s.97.
- ↑ le Strange, s.469.
- ↑ 7,0 7,1 Forces battle to retake Damascus suburbs. The Daily Star. 2012-01-30. Henta den 26. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Kafr Batna» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Burns, Ross (2005), Damascus: A History, London: Routledge, ISBN 0-415-27105-3.
- Cobb, Paul (2001), White banners: contention in ʻAbbāsid Syria, 750-880, SUNY Press, ISBN 0-7914-4879-7.
- Oriental Ceramic Society (1998), Transactions of the Oriental Ceramic Society 63, Oriental Ceramic Society.
- le Strange, Guy (1890), Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund
- El-Zawahreh, Muhammed (1995), Religious Endowments and Social Life in the Ottoman Province of Damascus in the Sixteenth and Seventeenth Centuries, Publications of the Deanship of Research and Graduate Studies, Mu'tah universitet