Kōauau
Utsjånad
Kōauau | |||
Kōauau med utskjeringar frå fyrste delen av 1800-talet | |||
Klassifisering | open single end-blown flute with fingerholes | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 421.111.12 |
Kōauau er ei lita fløyte frå maorikulturen. Fløyta er 10-20 cm lang, har opningar i begge endar og tre til seks fingerhol plassert langs røyret. Ho kan vera av tre eller bein.
Ein får fram lyd ved å senda pusten over kanten av den øvre opninga. Tonen til ein kōauau minner om den til fløyter frå heile verda, både i tonekvalitet og register.
Tidlegare brukte ein bein frå fuglar, som albatross eller moa. I nokre høve kunne ein laga fløyter av menneskebein. Desse var knytte til høvdingstatus og utøving av utu.
Fløytespelarar kunne ifølgje sogene også ha makt over kjenslene til kvinner. I soga om Tūtānekai overtydde han til dømes Hinemoa til symja over Rotoruasjøen ved å spela på kōauau.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kōauau» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2021.