Kérkis
Kérkis Κέρκης | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Sámos | ||
Høgd | 1 433 moh. | ||
Kérkis 37°43′36″N 26°37′18″E / 37.7267°N 26.6217°E | |||
Wikimedia Commons: Kerkis |
Kérkis (gresk Κέρκης) eller Kerketeos er eit utdøydd vulkan som utgjer dei sentrale områda av øya Sámos i Hellas. Den høgaste toppen, kalla Vígla (Βίγλα), er 1 433 eller 1 450 m høg avhengig av kjeldene. Fjellet er dermed det nest høgaste i det austlege Egearhavet (etter Fengári på Samothráki). Namnet på fjellet tyder som «høyrer til Kirke».
Fjellet har ein kvitaktig farge på grunn av det høge kalkinnhaldet. Fjellet er heimstad til mange planter og dyr, enkelte av dei utryddingstrua, så fjellet er no ein del av EU sitt Natura 2000-nettverk over verna stader. Det ligg fleire kloster i fjellsida, i tillegg til fleire grotter. Ei av desse, Pythagorasgrotta på austsida, er staden der Pythagoras visstnok skal ha gøymd seg frå tyrannen Polykrates før han drog i eksil til Italia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kerkis» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2007.