Hopp til innhald

Julebord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julebord om bord på den svenske dampbåten «Gustavsberg VII» i 1990
Foto: Holger.Ellgaard

Julebord er festar med mat, som regel tradisjonell julemat og -drikke, haldne i tida rundt jul. Omgrepet kan også visa til eit bord dekt med julemat. Opphavleg blei julebord haldne i romjula, men skikken er etterkvart blitt meir knytt til førjulstida.

Bankettar med fråtsing i mat og drikke har vore knytt til julefeiring sidan mellomalderen. Julebord vidarefører denne forma for fest ved å by på mykje og mektig mat og drikke.

Den moderne norske julebordskikken oppstod i etterkrigstida. Det blei vanleg for folk å eta særskilde julemenyar, gjerne som buffet, på hotell og restaurantar. Etterkvart er det blitt skikk for mange verksemder å halda julebord som firmafest rundt jul. Julebordstida er dermed blitt høgsesong for utelivs- og transportnæringar, som drosjar og ferjer.

Julebordliknande festar finst også i andre land, kjend som Christmas party i den engelskspråklege verda.

Oppdekt svensk julbord med tradisjonell svensk julemat.

Det varierer mellom ulike område kva ein serverer på julebord. I Sverige er det vanleg å ha kaldtbord med mellom anna sursild, gravlaks, lutefisk, juleskinke, ulike pølser og tilbehøyr. Ein kan drikka julebrus, mumma, svagdricka (alkoholfritt øl), porter eller juleøl, gjerne også snaps. I Noreg kan ein eta mat mange knyter til julaftansmåltidet, som ribbe, pinnekjøt, julepølse, lutefisk, juletorsk og risgraut, men også nyare rettar som kalkun og anna.


Spire Denne matartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.