Hopp til innhald

Jordskiftekandidat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jordskiftekandidat er ei akademisk grad, tilsvarande hovudfag, som blei tildelt ved Norges landbrukshøgskole, til dei som hadde studert jordskifte (utforming mv. av eigedomar) eller arealplanlegging og miljørett.

I dag er grada erstatta av mastergrad ved Universitetet for miljø- og biovitskap, med studieretningar innan arealplanlegging, eigedomsfag eller geomatikk.

Norges Jordskiftekandidatforening (NJKF) tildeler sertifiseringa Sertifisert av Norges Jordskiftekandidatforening.[1]

Grada kvalifiserer mellom anna til arbeid innan arealplanlegging og oppmåling, og til stillingar innan jordskifteetaten, så som jordskiftedommar.

  1. njkf.no, arkivert frå originalen 1. april 2009, henta 2. oktober 2009