Jonas Nilsson
Jonas Nilsson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 7. mars 1963 (61 år) Hedemora |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1992 |
Jonas Nilsson (fødd 7. mars 1963) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Hedemora som vart verdsmeister i slalåm i 1985.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Nilsson vart i 1981 junior-europameister i slalåm. Slalåmspesialisten melde seg på verdseliten i greina i OL-sesongen 1984. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart han nummer fire, einast fem hundredels sekund bakom bronsemedaljøren.
Storfavoritten Marc Girardelli leia slalåmrennet i VM i alpine greiner 1985 i Bormio etter den fyrste omgangen. Med bestetid i andre omgangen overraska Nilsson med å verte verdsmeister i slalåm, seks hundredels sekund framom Girardelli.
Den 16. desember 1985 vann Nilsson i Madonna di Campiglio det fyrste av to verdscuprenn, begge i slalåm. Verdscuptriumf nummer to kom i Kranjska Gora i byrjinga av januar 1990.
Nilsson vart nummer seks i yndlingsgreina under vinterleikane 1988 i Calgary, nummer fem i VM i alpine greiner 1989 og avslutta med ein åttandeplass i 1992-OL i Albertville. Han la deretter bort konkurranseskia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Jonas Nilsson» frå Wikipedia på svensk, den 4. januar 2015.