Jomfruøyane
Utsjånad
Jomfruøyane er ei øygruppe i det karibiske havet som i dag er delt i to territorium; dei amerikanske Jomfruøyane og dei britiske Jomfruøyane.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Jomfruøyane var opphavleg busette av guanajatabeyar, karibar og arawakar. Dei blei oppdaga av Christopher Columbus på den andre Amerikareisa hans, i 1493, og kalla Santa Ursula y las Once Mil Virgines etter den heilage Ursula og jomfrufølgjet hennar. Namnet blei forkorta til Las Virgines.
I løpet av dei neste tre hundre åra hadde ulike europeiske makter herredøme over øyar i øygruppa, mellom anna Spania, England, Nederland, Frankrike, Danmark og Maltesarordenen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Virgin Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jomfruøyane