Hopp til innhald

John McKenzie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John McKenzie
Fødd1955
FødestadPaddington
Død10. mai 2020 (64 år)
FødenamnJohn Michael McKenzie
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1970
Instrumentbassgitar, bandlaus bass, gitar, korvokal
Tilknytte artistarGlobal Village Trucking Company, Man, Eurythmics, Bob Dylan, The Pretenders, Peter Green, Steve Hillage, Dexys Midnight Runners, Alison Moyet
PlateselskapMCA, Columbia, RCA, Warner Music Vision, EMI Records
Verka somMusikar, låtskrivar

John Michael McKenzie (fødd i 1955) er ein britisk bassist. Han har vore medlem av band som Global Village Trucking Company og Man, og har spelt med fleire andre artistar som Eurythmics, The Pretenders og Alison Moyet. Han har vore turnémusikar for artistar som Lionel Richie, Dr. John og Royal Philharmonic Orchestra.

I 1980-åra spelte han i studio med Bob Young, Shusha Guppy, Wham!, Deke Leonard, Morrissey-Mullen, Claire Hamill, Space Monkey, Jim Diamond, Bob Dylan, Al Corley, The Pretenders, Jeffrey Lee Pierce, Microdisney, Five Star, Endgames (med Mel Gaynor) og John Mizarolli. Han spelte på tre Eurythmics-hittar, «Thorn in My Side», «When Tomorrow Comes» og «The Miracle of Love» og på album med Gary Moore, Ian Paice, Jaki Graham, Don Airey, Richard Bailey, Peter Auty, Billy Bremner, Terry Stannard, Simon Kirke, Earl Slick, Graham Lyle og Chris Thompson.

I 1990 spelte han på The Pretender-hitten «Hold a Candle to This», Alison Moyet sin «It Won't Be Long» og på plater med Patti Austin, Latin Quarter, Phil Manzanera, Matt Bianco, Pete Brown, Helen Watson, Kevin Rowland og Dexys Midnight Runners.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1982 – La Boum 2
  • 1995 – Rattlesnake Guitar: The Music of Peter Green
  • 2000 – Peter Green Songbook
  • 2001 – Arabesque Zoudge
  • 2001 - David French - All The Difference