John Brunner
Utsjånad
John Brunner | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 24. september 1934 Wallingford |
Død |
25. august 1995 (60 år) |
Yrke | romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar |
Språk | engelsk |
Far | Anthony Brunner |
Mor | Amy Phyllis Ivy Felicity Whittaker |
Ektefelle | Marjorie Rosamond Sauer, Liyi Tan |
John Kilian Houston Brunner (24. september 1934–26. august 1995) var ein britisk forfattar av skjønnlitterær prosa og poesi, mest kjend som science fictionforfattar.[1]
John Brunner var fødd i Wallingford i Oxfordshire i England. Han debuterte med romanen Galactic Storm under pseudonymet Gill Hunt i ein alder av 17 år,[2] men fekk så eit opphald i bokutgjevingane fram til 1959. Han publiserte fleire noveller i mellomtida, til dømes «Thou Good and Faithful» som var med i mars 1953-nummeret av Astounding under pseudonymet John Loxmith.[3]
Han fekk Hugo-prisen i 1969 for romanen Stand on Zanzibar,[4] og BSFA Award frå British Science Fiction Association for den same boka og for The Jagged Orbit året etter.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
- ↑ «Five Fascinating Facts about John Brunner» hos Interesting Literature
- ↑ The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
- ↑ The Hugo Awards sin nettstad om utdelingane av Hugo i 1969
- ↑ «British Science Fiction Association Award» på Worlds Without End
- Denne artikkelen bygger på «John Brunner» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2016.