Johannes Virolainen
Johannes Virolainen | |||
| |||
Fødd | 31. januar 1914 Sverdlovo, Viborg landkommune | ||
---|---|---|---|
Død | 11. desember 2000 (86 år) | ||
Statsborgar av | Finland | ||
Parti | Centern i Finland | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | Helsingfors universitet | ||
Alle verv |
|
Johannes Virolainen (fødd 31. januar 1914 i Viborg, død 11. desember 2000 i Lojo) var ein finsk politikar for Centerpartiet. Han var statsminister i Finland frå 12. september 1964 til 27. mai 1966.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Virolainen hadde agronom- og forstdoktorgrad.[2]
Han var aktiv i Agrarförbundet, det som seinare vart Centerpartiet.[3] Virolainen hadde ein lang politisk karriere og er den finske politikaren som har vore statsråd lengst, til saman 6 169 dagar.[4] Han vart første gang statsråd i 1950, då som innanriksminister. Seinare var han utdanningsminister og landbruksminister. Han var utanriksminister frå 1954 til 1956 og på nytt i 1957 og 1958. I fleire regjeringar var han visestatsminister.
I perioden som statsminister leidde han ei koalisjonsregjering beståande av Centerpartiet, Samlingspartiet, Svenska folkpartiet og Finska folkpartiet/Liberalerna. Etter at han gjekk av som statsminister var han utdanningsminister, finansminister og landbruksminister i ulike regjeringar.[1]
Virolainen var medlem av Riksdagen i 38 år.[5] I to periodar var han Riksdagens talman (president) (1966–1968 og 1979–1982).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Giverholt, Helge (13. august 2020). «Johannes Virolainen». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Johannes Virolainen», www.eduskunta.fi (på finsk), henta 6. november 2022
- ↑ «BLF», www.blf.fi, henta 6. november 2022
- ↑ Finlands regeringar Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine., Statsrådet.
- ↑ «Johannes Virolainen | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 6. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Johannes Virolainen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2022.