Johan Stinessen
Johan Stinessen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mai 1861 Roan kommune |
Død |
24. februar 1929 (67 år) |
Yrke | politikar, handelsmannn, bonde, underoffiser |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Johan Sedelen Stinessen (6. mai 1861–24. februar 1929) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Roan. Han var medlem av Venstre.
Stinessen var son til ein gardbrukar på Kiran i Roan. Han vart underoffiser i 1883, og var frå 1886 til -89 hamnepoliti og arbeidde på sakførarkontor i Kristiansund. Han kjøpte seg gard i heimbygda i Roan, men hovudyrket var som handelsfullmektig på Bessaker. Stinessen, som var ugift, var frå 1908 postopnar på Bessaker og vart same året utnemnd til havarikommissær.
Stinessen kom med i heradsstyret i Roan i 1893, varaordførar 1894-97 og 1991-22. Frå 1907 til -19, samt 1922-25 var han ordførar i Roan. Perioden 1913-15 var han krinsen Ytre Fosen sin representant til Stortinget, der han var medlem av militærkomiteen. På ny stortingsmann frå nyår 1928, då nestformann i post- og telegrafkomiteen til han døydde.
Han døydde av kreft på Bessaker i 1929.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914