Johan Henrik Frøstrup
Johan Henrik Frøstrup | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1852 |
Død | |
Yrke | politikar, dommar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Johan Henrik Kintzell Frøstrup (11. desember 1852–20. mai 1929) var ein norsk jurist, embetsmann, stortingsrepresentant og ordførar i Arendal.
Frøstrup var fødd i Barbu, far hans var fut. Han vart student i 1870 og cand. jur. i 1874. Han var deretter fullmektig hos sorenskrivar, frå 1877 var han overrettssakførar i Arendal. Fram til 1902 dreiv han sakførarpraksisen, sidan var han byfut i Skien.
Han var ordførar i Arendal frå 1899-1901. Styreformann i Arendals sjøforsikringsselskap og i representantskapet for Nedenes sparebank.
Perioden 1900-03 var Frøstrup stortingsrepresentant for Høgre frå valkrinsen Arendal og Grimstad. På Stortinget var han medlem av justiskomiteen og sekretær i sjødugleikskomiteen.
Frøstrup vart gravlagd på Gjerpen kyrkjegard.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914