Johan Halvorsen
Johan Halvorsen | |||
| |||
Fødd | 15. mars 1864 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Drammen kommune | ||
Død | 4. desember 1935 (71 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Johan August Halvorsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | symfoni | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | dirigent, komponist, konsertmester | ||
Mor | Johanne Hansdatter | ||
Far | Bernt Halvor Halvorsen | ||
Born | Stein Grieg Halvorsen | ||
Prisar | kommandør av Dannebrogordenen, Kommandør av St. Olavs Orden |
Johan Halvorsen (15. mars 1864–4. desember 1935) var ein norsk komponist og dirigent.
Halvorsen var fødd i Drammen, og i 1883 reiste han til Stockholm for å studera musikk. Han studerte vidare i Leipzig, Aberdeen (1897) og Helsingfors (1890) før han kom til Bergen i 1893, og i 1899 slo han seg ned i Oslo.
På initiativ frå Edvard Grieg reiste Halvorsen ut til Telemark for å samle slåttar, og skreiv ned ei rad numre etter spelemannen Knut Dale kring 1901. Fleire av slåttane vart sidan nytta av Edvard Grieg. Halvorsen skaffa seg og ei hardingfele frå felemakaren Olav G. Helland i Bø.
I dag vert Halvorsen hugsa best for komposisjonane «Bojarenes inntogsmarsj» og «Bergensiana», for ikkje å snakke om musikken til teaterstykket Reisen til Julestjernen, og Fossegrimen. Det siste verket syner at Halvorsen sette seg noko inn i norsk slåttetradisjon.