Johan Galtung
Johan Galtung | |||
| |||
Fødd | 24. oktober 1930 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 17. februar 2024 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | internasjonale relasjonar, freds- og konfliktforskning, statsvitskap, matematikk, sosiologi, litteratur, fred, konflikt | ||
Yrke | matematikar, statsvitar, sosiolog, universitetslærar, skribent | ||
Institusjonar | Universitetet i Groningen Kwansei Gakuin University International Christian University Sōkauniversitetet Chūō-universitetet Ritsumeikan-universitetet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Ingrid Eide | ||
Barn | Andreas Galtung | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Johan Galtung (fødd 24. oktober 1930) er ein norsk samfunnsforskar og professor i fred og konfliktløysing.
Galtung er fødd i Oslo og utdanna seg som sosiolog og matematikar. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner innan freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han er direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnleggjar av Transcend-metoden. Han har verka som meklar i over 40 konfliktar, som i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.
I 1987 fekk Galtung den såkalla «alternative Nobelprisen».
Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han fekk Brageprisen for, i 2000. Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.
I 2011 vart Galtung skulda for antisemittisme etter eit foredrag ved Universitetet i Oslo[1] og eit innlegg i tidsskriftet Fri Tanke der han mellom anna tala om «jødemakt».[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ journalist, KRONIKKJohn FærsethMedieviter og (5. oktober 2011), «Galtung leker med ilden», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. januar 2019
- ↑ Søderlind, Didrik, «Humanists redaktør: - Derfor trykket vi Galtungs innlegg», Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk), henta 11. januar 2019
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- [http://www.transcend.org/t_database/members.php?showcv=1&idm=112 Articles Database (old) ved TRANSCEND International