Jarle Bondevik
Jarle Bondevik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juni 1934 Sogndal kommune |
Død | |
Yrke | lingvist, filolog |
Jarle Bondevik (29. juni 1934–4. april 2016) var ein norsk språkforskar, fødd i Sogndal. Han var professor i norsk språk og språkhistorie og ytte særleg viktige faglege bidrag om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Bondevik tok examen artium ved landsgymnaset i Voss, før han vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961. Faga var historie og tysk, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Han arbeidde som lektor ved Universitetet i Århus frå 1961 til 1963, og ved lærarskulen i Bergen frå 1963 til 1972. I 1972 vart han tilsett ved Universitetet i Bergen. Ved same institusjonen vart han dr.philos i 1988, og i 1993 vart han professor. Frå 1991 til 1999 var han ogso assisterande professor ved Høgskulen i Volda.[1]
Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang» var namnet på doktorarbeidet hans, som kom i 1985. I 2003 publiserte han «Og ordet vart nynorsk», som viser framvoksteren av nynorsk som bibelmål. Han har òg gjennom mange år forska på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen.
Bondevik var medlem i Språkrådet 1988-1995. Saman med Oddvar Nes og Terje Aarset tok han i 1991 initiativet til Ivar Aasen-selskapet. Gjennom eit tidsrom på nærare 20 år fekk dei publisert ti band med uprenta materiale av Ivar Aasen.[1]
I avisa 'Dag og Tid' av 8. april 2016 skriv Anders Aschim om Bondevik at «[h]an var den fremste kjennaren av det nynorske bibelspråket gjennom tidene».
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1975 – Sidsel Sidsærk og Supermann : barne- og ungdomslitteratur i bruk : artikkel- og oppgåvesamling (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203069450 I fulltekst ved nb.no [Av Jarle Bondevik og Olav Solberg]
- 1976 – Kva er målreising? : ei artikkelsamling (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 8290186061 I fulltekst ved nb.no [Av Gustav Indrebø ; redigert av Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
- 1978 – Tidsskrift. Nummer 26. Dikting og diktarar frå Sogn (Kaupanger: Historielaget for Sogn) I fulltekst ved nb.no [Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
- 1980 – Lokal-litteratur i skulen : eit idé- og arbeidshefte for lærarar i grunnskulen (Sogndal: Sogndal pedagogiske høgskule) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Carl Lauritz Lund-Iversen, Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
- 1988 – Frå smått til stort : nordistikk i Bergen gjennom 70 år (Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen) I fulltekst ved nb.no [Redigert av Jarle Bondevik]
- 1989 – Nynorske bibelomsetjingar : ein bibliografi (Oslo: Det Norske bibelselskap). ISBN 8254102627 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Jarle Bondevik]
- 1991 – Djup fjord og høg himmel : festskrift til Anders Ohnstad på 80-årsdagen 27. juni 1991 (Bergen: Norsk Bokreidingslag). ISBN 8290186797 I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Jarle Bondevik og Andreas Bjørkum]
- 1992 – Segner frå Sogn (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-85-1 I fulltekst ved nb.no [Av Olav Sande ; utgjevne av Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik]
- 1992 – Studiar i det nynorske bibelmålet : morfologi og ordtilfang (Oslo: Novus) I fulltekst ved nb.no
- 1992 – Sunnmørsgrammatikkane (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-82-7 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 1994 – Målsamlingar frå Sunnmøre (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-90186-93-2 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 1995 – Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-002-1 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset]
- 1996 – Fagprofilar ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1946-1996 (Bergen: Instituttet). ISBN 8290500343 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Jarle Bondevik, Willy Dahl og Sigurd Aa. Aarnes]
- 1997 – Målsamlingar 1855-1861 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-021-8 [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 1997 – Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-007-2 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 1998 – Ivar Aasen-studiar. 1 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 8278340102 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
- 1998 – Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-009-9 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 1998 – Ord etter ord : heidersskrift til Oddvar Nes 28. i.e. 27. desember 1998 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-013-7 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Gunnstein Akselberg, Jarle Bondevik]
- 1999 – Målsamlingar 1851-1854 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-014-5 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 2000 – Dansk-norsk Ordbog (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-016-1 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik, Oddvar Nes]
- 2001 – Til Anders Ohnstad på 90-årsdagen 27. juni 2001 : ei venehelsing frå Andreas Bjørkum, Bjørg og Jarle Bondevik (Bergen: Centraltrykkeriet). ISBN 82-7128-317-0 I fulltekst ved nb.no [Redigert Iver Eriksøn Leganger, Andreas Bjørkum, Andreas, Bjørg Bondevik og Jarle Bondevik]
- 2002 – Målsamlingar 1862-1883 (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-025-0 I fulltekst ved nb.no [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
- 2003 – Og ordet vart nynorsk : soga åt den nynorske Bibelen (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 82-7834-027-7 I fulltekst ved nb.no
- 2006 – Namnesamlingar (Bergen: Norsk bokreidingslag). ISBN 8278340323 [Av Ivar Aasen ; redigert av Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes]
- 2011 – Smed i Sogndalsfjøra (Bergen: Bodoni forlag). ISBN 978-82-7128-622-4
- 2012 – Kløvjalass : dikt samla 2012 (Bergen: Bodoni forlag). ISBN 978-82-7128-648-4
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jarle Bondevik» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- 2004 – Folkemål, landsmål, bibelmål : heidersskrift til Jarle Bondevik på 70-årsdagen 29. juni 2004 (Øvre Eiker: Alvheim & Eide). ISBN 82-90359-72-1 [Redigert av: Ole-Jørgen Johannessen og Oddvar Nes]