Hopp til innhald

James Guthrie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Guthrie
Fødd14. november 1953 (70 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv1973 til i dag
SjangerRock
Instrumentgitar
Tilknytte artistarPink Floyd
Verka somLydteknikar, plateprodusent

James K.A. Guthrie (fødd 14. november 1953) er ein britisk lydteknikar og og plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Pink Floyd. Han var lydteknikar og produsent for bandet sidan 1978. Han eig òg das boot recording i Lake Tahoe i California.

Guthrie var lydteknikar og medprodusent for albumet The Wall (1979), og den påfølgjande turneen og har i ettertid arbeidd med bandet i ulike rollar på alle utgjevingar sidan den gong. Han har òg ført oppsyn med nyutgjevinga til CD av heile katalogen og vore teknikar under nyutgjevingar av albuma til 5.1 kringlyd. James Guthrie fekk ein «Grammypris» for beste lyd på Pink Floyd The Wall i 1982. Guthrie var bindeleddet mellom Roger Waters og resten av Pink Floyd etter at Waters forlét bandet, og han klarte å få til eit samarbeid mellom medlemmane om utgjevinga av samlealbummet Echoes i 2001.

Guthrie har vore å finne bak miksepulten på soloutgjevingar av både Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright. Han har òg produsert Toto sitt «Grammyvinnande» debutalbum, Queensrÿche-albumet The Warning (1984), Judas Priest-albuma Stained Class (1978) og Hell Bent for Leather (1979) medan han i 1983 var lydteknikar på filmen The Dead Zone.

Utvald diskografi (Pink Floyd og tilknytte plater)

[endre | endre wikiteksten]

Utvald diskografi som produsent

[endre | endre wikiteksten]
  • Arlan Greene — '«The Jazz Pianist» (b-side til «We've Got To Split Up») (Arista), 1976
  • Fury — '«Miss Demeanor/Stay On Your Feet» (Arista), 1977
  • The Movies — Double A (GTO), 1977
  • The Movies — Bullets Through The Barrier (GTO), 1978
  • Judas Priest — «Better By You, Better Than Me» Stained Class (Columbia), 1978
  • Judas Priest — Killing Machine (òg kalla Hell Bent for Leather) (Columbia), 1978
  • Runner — Runner (Island), 1979
  • Pink Floyd — The Wall (Harvest/Columbia), 1979
  • Tom Robinson Band — '«Our People» (b-side of «Bully For You» single) (Arista), 1979
  • Heatwave — Candles (Epic), 1980
  • Pink Floyd — «Money» A Collection of Great Dance Songs (Harvest/Columbia), 1981
  • Ambrosia — Road Island (Warner Bros), 1982
  • Pink Floyd — The Final Cut (Harvest/Columbia), 1983
  • The Boomtown Rats — In The Long Grass (Phonogram/Columbia), 1984 («Tonight,» «Dave,» «Drag Me Down»)
  • Broadcast — '«Where Are You Now/Visions Of You» (A&M), 1984
  • Queensryche — The Warning (EMI America), 1984
  • Andrew Caine — One (Epic), 1986
  • Tom De Luca — Down To The Wire (Epic), 1986
  • Toto — Past to Present 1977–1990 (Columbia), 1990 («Love Has The Power,» «Out Of Love,» «Can You Hear What I'm Saying,» «Animal»)
  • The Lou Gramm Band — '«One Dream» Highlander II: The Quickening original soundtrack (WEA), 1992
  • John Wetton — sessions for Raised In Captivity (the completed album was later recorded with another produsent and released as Battle Lines), 1992 («Walking On Air,» «If I Was A Country»)
  • Toto — Absolutely Live (Sony International), 1993
  • Pink Floyd — Pulse (EMI/Columbia), 1995
  • Kashmir — The Good Life (Sony International), 1999
  • Pink Floyd — Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81 (EMI/Columbia), 2000
  • Roger Waters — In The Flesh (Columbia), 2000
  • Pink Floyd — Echoes: The Best of Pink Floyd (EMI/Columbia), 2001
  • Roger Waters — Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1 (Columbia), 2002
  • Roger Waters — «Hello (I Love You)» The Last Mimzy original soundtrack (Silva Screen), 2007
  • James Carrington — The Dreamer's Machine (Zero Music), 2012