Hopp til innhald

Jakov Fak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakov Fak


Statsborgarskap Slovenia
Fødd 1. august 1987 (37 år)
Rijeka
Idrett skiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Sprint menn, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse menn
Utmerkingar Bloudek-prisen

Jakov Fak (fødd 1. august 1987) er ein kroatisk-slovensk skiskyttar fødd i Rijeka som har vunne to VM-gull i skiskyting, fyrst på 20 km i 2012 og så på 15 km fellesstart i 2015. Han tevla for Kroatia til 2010, sidan har han representert Slovenia.

Fak overraska stort då han tok bronsemedaljen på 20 km under VM i skiskyting 2009 i koreanske Pyeongchang. Etter framifrå skyting og fin fart i sporet, tok han Kroatias første VM-medalje i skiskyting bak vinnaren Ole Einar Bjørndalen og tyske Christoph Stephan på andreplass. Til dess hadde Fak aldri vore mellom dei ti beste i noko verdscuprenn. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver sikra han seg ein ny bronsemedalje, då på 10 km.

I november 2010 fekk Fak slovensk statsborgarskap og har sidan representert Slovenia. Under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding kunne han for fyrste gong klive høgst på sigerspallen, og då som verdsmeister på 20 km. I VM i skiskyting 2013 i tsjekkiske Nové Město tok han bronse på 10 km, VM-gullet tok norske Emil Hegle Svendsen med seg. Med to strafferundar skaut Fak seg ut av gullkampen på 15 km fellesstart under vinterleikane 2014 i Sotsji. Kampen om sigeren vart eit durabeleg oppgjer mellom Svendsen og franske Martin Fourcade med den fyrstnemnde som vinnar, Fak enda på fjerdeplassen.

Jakov Fak i 2010

Avslutningsdagen under VM 2015 i Khanty-Mansijsk gjekk Fak ut frå siste skyting på fellesstarten i tet med tre andre utøvarar. Han lukkast ta heim sigeren i tevlinga med ei sterk avslutning.

Perioden mars 2012 til mars 2015 vann han åtte renn i verdscupen i skiskyting.