Jahn Teigen
Jahn Teigen | |||
| |||
Fødd | 27. september 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tønsberg | ||
Død | 24. februar 2020 (70 år) | ||
Dødsstad | Ystad | ||
Fødenamn | Jan Teigen | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1967–2020 | ||
Sjanger | pop, rock, komedierock, progressiv rock | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, gitarist, låtskrivar, plateartist | ||
Gift med | Anita Skorgan | ||
Born | Sara Skorgan Teigen | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets mannlige artist, Norsk Artistforbunds Ærespris, Solprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden |
Jahn Teigen (27. september 1949–24. februar 2020) var ein norsk artist fødd i Tønsberg. Han har sunge i fleire ulike grupper, og hatt fleire slagerar. Teigen har òg delteke i Melodi Grand Prix fleire gonger.
Teigen var tidlegare gift med Anita Skorgan. Saman har dei dottera Sara Teigen Skorgan. Teigen heiter eigentleg Jan til fornamn, men brukar Jahn som kunstnarnamn. Teigen er kjend for låtar som «Mil etter mil», «Optimist», «Det vakreste som fins» og «Min første kjærlighet». Teigen har spela i band i Israel (Lions of Judea), England og Danmark. Han var i fleire år vokalist i den progressive rockegruppa Popol Vuh (frå 1975 Popol Ace). Han har mottatt heidersprisen under Spellemannprisen to gonger, i 1983 og 2009, og i tillegg vunne fleire andre priser. Teigen vart i 2010 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden,[1] og i 2012 innlemma i Rockheim Hall of Fame. 26. juli 2012 vart skulpturen av Jahn Teigen avduka på Lindalhplan i Tønsberg , ei gåve frå fansen ved Frank Rune Gustavsen og Marianne Larsen.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Spellemannprisen 1978 i klassen mannleg artist for plata This Year's Looser.
- Gammleng-prisen 1984 i klassen pop.
- Under Spellemannprisen 1983 vann han juryens heiderspris
- Gammleng-prisen sin veteranpris i 2009.
- Under Spellemannprisen 2009 vann han igjen juryen sin heiderspris.
Programleiar
[endre | endre wikiteksten]Frå 1988 til 1990 var Teigen ein av programleiane for barneprogrammet Midt i smørøyet på NRK.[2]
Teigen var også programleiar i TV 2-programmet Stjerner i sikte frå 1996 - 2000 og frå 2001 - 2002. Konseptet i programmet var at folk skulle kle seg ut som ein artist dei valde sjølv og framføra ein sjølvvald song av artisten. Vinnaren av finalen fekk platekontrakt.
I 1997 fekk serien ein oppfølgjar som heitte Småstjerner. Her var det born som skulle framføra songane, men dei brukte playback og slapp å syngja sjølve.
Melodi Grand Prix
[endre | endre wikiteksten]Jahn Teigen er kjent for at han har vore ein trufast deltakar i Norske Melodi Grand Prix. Til saman har han vore med i konkurransen i 14 finalar. I 1976 deltok han med tre bidrag. Teigen vann i 1978, 1982 og 1983, siste gong saman med Anita Skorgan. I denne samanhengen er Teigen kjend dårlege plasseringar i den internasjonale finalen.
Songane Teigen har delteke med i Grand Prix:
År | Tittel | Plassering MGP |
Plassering ESC |
---|---|---|---|
1974 | Hvor er du? * | 1 | 14 |
1975 | Kjærlighetens under | 2 | |
1976 | Hastverk | 3 | |
1976 | Alltid en vind ** | 4 | |
1976 | Voodoo**/*** | 2 | |
1978 | Mil etter mil | 1 | 20 |
1980 | Ja | 9 | |
1982 | Adieu **** | 1 | 12 |
1983 | Do-Re-Mi | 1 | 9 |
1988 | Glasnost | 2 | |
1989 | Optimist | N 4 | |
1990 | Smil | 2 | |
1993 | Jackpot | 8 | |
1994 | Gi alt vi har | 5 | |
1996 | Ariel ***** | 4 | |
2005 | My Heart Is My Home | 4 |
- * Anne-Karine Strøm framførte den i den internasjonale finalen, der han enda på delt 14. plass.
- ** Saman med Gudny Aspaas.
- *** Saman med Inger Lise Rypdal.
- **** Saman med Anita Skorgan.
- ***** Saman med Øystein Wiik. Duoen kalla seg To Tenorer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jahn Teigen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Stjerner i sikte» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2012.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.aftenbladet.no/innenriks/Jahn-Teigen-utnevnt-til-ridder-1928118.html[daud lenkje]
- ↑ Bjørn Hovde: Omtale av boka Om Jahn Teigen redigert av Morten Stensland. Ballade 11. desember 2008, arkivert frå originalen 20. juli 2012, henta 9. januar 2012
- Einskildmenn
- Fødde i 1949
- Døde i 2020
- Norske songarar
- Folk frå Tønsberg
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Programleiarar for TV2
- Allsang på grensen
- Melodi Grand Prix-deltakarar
- Melodi Grand Prix-vinnarar
- Norske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Deltakarar i OGAE Second Chance Contest
- Eurovision Song Contest 1982-deltakarar
- Melodi Grand Prix-programleiarar
- St. Olavs Orden