Jørn Didriksen
Utsjånad
Jørn Didriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. august 1953 (71 år) Jevnaker |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1000 meter herrer |
Jørn Didriksen (fødd 27. august 1953) er ein tidlegare skeiseløpar og forfattar frå Jevnaker. Han vann OL-sølv på 1000 meter i 1976.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Didriksen spesialiserte seg på sprintdistansane. Vinteren 1975 vart han noregsmeister i sprint-firkamp. Under Skeise-VM 1975 i sprint-firkamp kom han på fjerdeplass, slått av tre karar frå Sovjetunionen. Under dei olympiske vinterleikane 1976 i Innsbruck overraska han med å vinne sølvmedaljen på 1000 meter, einast Peter Mueller frå USA gjekk fortare. Didriksen, som var medlem i Oslo Idrettslag, representerte Noreg i sprint-VM 1976 og 1977, enda på høvesvis sjette- og tiandeplass.
Personbeste
[endre | endre wikiteksten]Distanse | Tid | Dato | Stad | Bane |
---|---|---|---|---|
500 m | 38,7 | 11. januar 1977 | Noreg Hamar | Hamar stadion |
1 000 m | 1.17,34 | 20. mars 1977 | Sovjetunionen Alma-Ata | Medeo |
1 500 m | 2.05,8 | 4. februar 1977 | Noreg Oslo | Jordal idrettsplass |
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Tida 2007-22 gav Didriksen ut sju kriminalromanar på Kolofon forlag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jørn Didriksen» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2024.