Izjoraplatået
Utsjånad
Izjoraplatået (russisk Ижорская возвышенность - Izjorskaja vozvsjennost) er eit platå sørvest i Leningrad oblast i Russland som består av kalkstein frå ordovicium. Platået ligg mellom Finskebukta i nord og Luga i sør. Nordenden er danna av ei erosjonsklippe kalla Baltisk klint. Den høgaste delen av platået er Orekhovayaåsen i Duderhovhøgdene på 176 meter over havet, lengst nordaust på platået. Platået er stort sett dekt av jordbruksland. Området var tidlegare hjarte i den historiske regionen Ingermanland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Izhora Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.