Ivar Rusti
Utsjånad
Ivar Rusti | |
Fødd | 10. februar 1905 |
Død |
16. november 1997 (92 år) |
Yrke | skribent |
Ivar Andreasson Rusti (10. februar 1905–16. november 1997) var ein norsk småbrukar, redaktør, målar, bokbindar, bibliotekstyrar og forfattar frå Sogndal. Han var redaktør for bladet Solsprett som kom ut i Sogndal frå 1939 til 1949. Ivar Rusti var saman med Per Hilleren redaktørar for eit blad som heitte Sygnabladet og som vart starta i 1967 som ei «sogndalsk motvekt» mot det redaktøren i S/SA på den tida, den kontroversielle Hans Arnesen, skreiv i si avis. Sygnabladet kom berre ut eit halvt års tid. Ivar Rusti var styrar for Sogndal folkeboksamling.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1943 – Ættargarden og andre forteljingar (Vik: Eige forlag)
- 1975 – Solgangsvind på Sognefjord (Sogndal: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Ho Åse frå Høgelid ; Menn me bør minnast ; Ferdaminne (Sogndal: Eige forlag)
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1930 – Bar og blom : til upplesing i ungdomslag. 2. samlingi (Oslo: Olaf Norli) I fulltekst ved nb.no [Samla av Johan Austbø ; Av innhaldet: Ho Nikolina / Ivar Rusti, s. 126-127]
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Om Ivar Rusti i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-04-16 ved Wayback Machine.
- Gravminner i Norge
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978