Issy-les-Moulineaux
Issy-les-Moulineaux | |
---|---|
Forretningsstrøket i Issy-les-Moulineaux i dei indre forstadane til Paris. | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine |
Geografi | |
Flatevidd | 4,25 km² |
Flatevidd - By |
4,25 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
63 000 14 824/km² |
Koordinatar | 48°49′23″N 02°16′24″E / 48.82306°N 2.27333°E |
Høgd over havet | 163 m |
Diverse anna | |
Heimeside: www.issy.com | |
Plassering | |
Issy-les-Moulineaux er ein kommune i dei sørvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,6 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus, og med eit folketal på rundt 60 000 innbyggjarar fordelt på berre 4,2 km² er han ein av byane i Europa med høgast folketettleik. 1. januar 2003 vart Issy-les-Moulineaux ein del av Communauté d'agglomération Arc de Seine i lag med kommunane Chaville, Meudon, Vanves og Ville-d'Avray.
Issy-les-Moulineaux har med stort hell endra seg frå ei industriell fortid til å verte hjarte i forretningsstrøket Val de Seine, som har spesialisert seg på kommunikasjon. Trass i at folketalet i dag er på veg oppover, har Issy-les-Moulineaux fleire arbeidarar enn innbyggjarar.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg vart Issy-les-Moulineaux berre kalla Issy. Namnet Issy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Issiacum eller Isciacum, som kanskje tyder «eigedomen til Isicius (eller Iccius)», ein gallo-romersk landeigar.
I 1893 vart Issy offisielt Issy-les-Moulineaux. Les Moulineaux var namnet på grenda som låg i same området som kommunen, og namnet kjem visstnok av vindmøller (fransk moulins) som stod her i eldre tider.