Islandsvalmue
Islandsvalmue | |
Islandsvalmue | |
Status | |
Status i Noreg: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Valmuefamilien Papaveraceae |
Underfamilie: | Papaveroideae |
Slekt: | Valmueslekta Papaver |
Art: | Islandsvalmue P. radicatum |
Vitskapleg namn | |
Papaver radicatum |
Islandsvalmue, eller fjellvalmue, er ein valmueart med ei innvikla taksonomisk historie. Denne artikkelen følgjer Artsdatabanken, som bruker «islandsvalmue» om arten Papaver radicatum, og «fjellvalmue» om nominatunderarten P. r. subsp. radicatum. Det er no vist at nesten alle norske fjellvalmuar tilhøyrer nominatunderarten.
Denne planten har ein fleirårig rosett med flikete blad ved bakken. Blomane sit einskildvis på enden av lange, hårete, bladlause stenglar. Blomane er som regel smørgule, men kan vera bleikgule eller lyst rosa. Mjølkesafta har kvit eller gul farge. Valmuen veks på rasmark, fjellryggar og berg, men kan òg finnast i vegskjeringar og på elvebreidder og grusører.[1][2]
Utbreiing og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Islandsvalmue høyrer til seksjonen Meconella i valmueslekta (Papaver). Andre artar i same seksjon er kolavalmue, svalbardvalmue, alpevalmue og sibirvalmue. Desse valmuane veks i Arktis og i høgfjellet lenger sør. Polyploidi er vanleg, som hjå mange andre arktiske plantar. Avgrensinga mellom dei ulike artane er omstridd, og i amerikansk litteratur blir det ofte hevda at Papaver radicatum har sirkumpolar utbreiing i Arktis. Den høgarktiske svalbardvalmuen har av og til blitt rekna med til denne som underarten P. r. subsp. polare.[3][4]
Islandsvalmue er svært variabel avhengig av veksestaden. Skandinaviske forskarar, som Rolf Nordhagen og Gunvor Knaben, meinte at det fanst ti underartar i Skandinavia og tre–fire på Island og Færøyane. Dei meinte òg at denne oppsplittinga måtte ligga langt bak i tid, og at fjellvalmuane hadde overlevd istida i skilde skandinaviske refugium. Dette er eit av kronargumenta for den såkalla overvintringsteorien.[5][6][7][8]
Molekylærgenetikk og kladistikk har utvikla seg mykje sidan. Nye studiar basert på biokjemi og multivariat analyse av morfologiske trekk viser at mangfaldet av fjellvalmuar er mindre enn ein trudde. Norske og russiske forskarar anerkjenner no berre to underarter av islandsvalmue: fjellvalmue og læstadiusvalmue. Den sistnemnde var tidlegare ofte rekna som ein eigen art.[9][10][11][12]
Papaver radicatum blei vitskapleg skildra av Christen Friis Rottbøll i 1770, men det er uklart om Rottbøll sin type kom frå Island eller Grønland. Fjellvalmue (subsp. radicatum) er utbreidd i den skandinaviske fjellkjeda, Island og Færøyane, og har dekaploid kromosomtal (2n = 70). Læstadiusvalmue er ein sjeldan plante frå nordlege delar av Noreg og Sverige. Han er oktoploid (2n = 56), men står genetisk så nært fjellvalmue at han blir rekna som underarten P. r. subsp. laestadianum. Dei oktoploide valmuane med sirkumpolar utbreiing tilhøyrer derimot ein annan art og skal kallast kolavalmue (P. lapponicum).[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 126–127. ISBN 82-512-0355-4.
- ↑ «Fjällvallmo». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 13. juli 2022. Henta 3. november 2015.
- ↑ H. Solstad, R. Elven og I. Nordal. «Are there too many species and subspecies in the Papaver radicatum complex?». I I. Nordal og V.Y. Razzhivin. The species concept in the high north: a Panarctic flora initiative. Det Norske Videnskaps-Akademi. s. 281–294. ISBN 9788290888331.
- ↑ R. Elven m.fl. (red.) Papaver i Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF): Vascular plants. Besøkt 3. november 2015.
- ↑ R. Nordhagen. «Studien über die skandinavischen Rassen des Papaver radicatum Rottb. sowie einigie mit denselben verwechselte neue Arten». Bergens Mus. Årb. 1931, Naturv. rekke 2.
- ↑ G. Knaben. «Papaver-studier, med et forsvar for P. radicatum Rottb. som en islandsk-skandinavisk art» (PDF). Blyttia 16 (2): 61–80. ISSN 0006-5269.
- ↑ G. Knaben. «On the evolution of the Radicatum-group of the Scapiflora papavers as studied in 70 and 56 chromosome species. A. Cytotaxonomical aspects». Opera Bot. 2 (3): 61–79. ISSN 0078-5237.
- ↑ G. Knaben. «On the evolution of the Radicatum-group of the Scapiflora papavers as studied in 70 and 56 chromosome species. B. Experimental studies». Opera Bot. 3 (3): 1–96. ISSN 0078-5237.
- ↑ E. Selin. «Morphometric differentiation between populations of Papaver radicatum (Papaveraceae) in northern Scandinavia». Botanical Journal of the Linnean Society 133 (3): 263–284. ISSN 1095-8339. doi:10.1111/j.1095-8339.2000.tb01546.x.
- ↑ H. Solstad, R. Elven og I. Nordal. «Isozyme variation among and within North Atlantic species of Papaver sect. Meconella (Papaveraceae) and taxonomic implications». Botanical Journal of the Linnean Society 143 (3): 255–269. ISSN 1095-8339. doi:10.1046/j.1095-8339.2003.00211.x.
- ↑ Taxonomy and evolution of the diploid and polyploid Papaver sect. Meconella (Papaveraceae) (Thesis).
- ↑ 12,0 12,1 R. Elven m.fl. (red.) Papaver radicatum subsp. radicatum i Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF): Vascular plants. Besøkt 3. november 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Islandsvalmue hos Artsdatabanken
- (en) Islandsvalmue i Encyclopedia of Life
- (en) Islandsvalmue i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Islandsvalmue hos Dyntaxa
- (en) Islandsvalmue hos ITIS
- (en) Islandsvalmue hos NCBI
- (en) Islandsvalmue hos The International Plant Names Index
- (en) Islandsvalmue hos Tropicos
- (en) Kategori:Papaver radicatum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Papaver radicatum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Oreomecon radicata – detaljert informasjon på Wikispecies