Intellekt
Utsjånad
Intellektet er som ei saks, det kan berre klippa. Medan hjartet er som ei nål og tråd, det vøler, bringer saman.
«Klemmeguruen» Mata Amritanandamayi
|
Intellekt er eit omgrep for den delen av sinnet som viser fornuft og forstand, til motsats frå kjensler, oppfatting og ønske. Ordet stammar frå det greske omgrepet nous, som blei omsett til latin som intellectus, av intelligere, 'forstå'. Nærskylde ord er intelligens og intelektuell. Eigenskapar knytt til intellektet er evne til å tenka logisk og kritisk. Hjernefunksjonar knytt til intellekt finn stad i hjerneborken.
Kjeder
[endre | endre wikiteksten]«intellekt» i Store norske leksikon, snl.no.
- «intellekt» i Nynorskordboka.
- Andrew M. Colman, red. (2009), «intellect n.», A Dictionary of Psychology, Oxford University Press
- Richard L. Gregory (1987), «intellect», The Oxford Companion to the Mind, Oxford University Press
- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Intellect» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2011.