Inkrustering
Utsjånad
Inkrustering er ein overflateteknikk innan arkitektur, møbeldesign og anna dekorativt arbeid. Ved inkrustering graverer, risser eller skjer ein eit mønster i ei overflate og fyller det met eit materiale, som kritmasse, stein eller metall.[1] Fyllmaterialet kan vera i delvis flytande tilstand når det blir lagt ned i stein, bein og andre harde underlag.[1]
I europeisk samanheng blei teknikken særleg nytta på 1500- og 1600-talet.[1]
Mosaikk og nærskylde teknikkar blir rekna som former for inkrustering.[1] Vanleg innlegging av finér blir ikkje rekna som inkrustering, men blir kalla intarsia.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «inkrustering» i Store norske leksikon, snl.no.