Inishark
Utsjånad
Inishark Lokalt namn Inis Airc | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 53°36′42″N 10°16′58″W / 53.61167°N 10.28278°W
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Galway
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Inishark eller Inishshark (Inis Airc på irsk) er ei lita øy like vest for den større naboøya Inishbofin i County Galway på vestsida av Irland. Øya er i dag utan folk og dei siste 23 innbyggjarane i dette tidlegare isolerte fiske- og jordbrukssamfunnet vart evakuert i 1960. Øybuarane hadde ikkje kunne forlate øya i fleire månadar om vinteren og regjeringa valde å flytte dei til fastlandet i staden for å byggje ein dyr molo på øya.
Som Inishbofin består Inishark nesten berre av silurisk skifer. Ho er 100 meter på det høgaste.
Øya sin vernehelgen var St. Leo. Restane etter ei kyrkje på Inishark frå 1800-talet er kalla opp etter han.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Inishark frå Engelsk Wikipedia .