Hopp til innhald

Infrared Space Observatory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Infrared Space Observatory (ISO) var eit ESA-romteleskop som observerte i det infraraude. Det vart skote opp i november 1995 og gjekk tomt for flytande helium i mai 1998, slik at hovuddelen av observasjonane då var over. Eit einsleg kortbylgjespektrometer opererte likevel åleine på teleskopet fram til 2001.

ISO hadde fire vitskaplege instrument – eit infraraudt kamera, eit fotopolarimeter og to spektrometer. Hovudspegelen hadde ein diameter på 60 cm.

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Infrared Space Observatory» s. 198 i Philip's Astronomy Encyclopedia gjeven ut i 2002.