Hopp til innhald

In Too Deep av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Too Deep
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
B-side
  • «Do the Neurotic» (Storbritannia)
  • «I'd Rather Be You» (USA)
Utgjeve 18. august 1986 (Storbritannia)
18. januar 1987 (U.S.)
Innspelt The Farm, Surrey; 1985–1986
Sjanger Softrock
Lengd 4:58
Selskap
Komponist Tony Banks
Tekstforfattar Phil Collins
Låtskrivar(ar)
Tekst - Phil Collins
Musikk - Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent
Genesis-kronologi 
«Invisible Touch»
(1986)
In Too Deep «Land of Confusion»
(1986)


«In Too Deep» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1986 på albumet Invisible Touch. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia (og den femte singelen i USA). Eit konsertopptak av songen vart òg gjeven ut på konsertalbumet The Shorts.

Tekstne til songen var skriven av songaren Phil Collins etter at han vart beden om å skrive ein song for filmen Mona Lisa.

Songen nådde tredjeplassen på den amerikanske poplista i 1987 og 19. plass på den britiske singellista.[1] Han vart den siste hitten til bandet før «No Son Of Mine» i 1991. «In Too Deep» låg òg tre veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista i 1987.[2]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen syner dei tre medlemmane som speler i nokre minimalistiske trapper og platformer. Tony Banks spelar på eit flygel, sjølv om innspelinga vert spelt inn på eit elektrisk piano, medan Mike Rutherford og Phil Collins mimer høvesvis akustisk gitar og vokal.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1986–1987) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 15
Canada Top Singles (RPM)[4] 15
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[5] 2
Irland (IRMA)[6] 12
New Zealand (RIANZ)[7] 30
UK Singles (Official Charts Company)[8] 19
US Billboard Hot 100[9] 3
US Adult Contemporary (Billboard)[10] 1
US Mainstream Rock (Billboard)[11] 25
55

Kids Incorporated-versjonen

[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen vart spelt inn av barneprogrammet Kids Incorporated, der teksten var endra frå synspunktet til ven i staden for ein kjærast («love» vart erstatta med «like»).

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 101. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. mars 2020.
  5. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. mars 2020.
  6. "The Irish Charts – Search Results – In Too Deep". Irish Singles Chart. Retrieved 23. mars 2020.
  7. "Charts.org.nz – Genesis – In Too Deep". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 23. mars 2020.
  8. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 23. mars 2020.
  9. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Genesis. Prometheus Global Media. Henta 23. mars 2020.
  10. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Genesis. Prometheus Global Media. Henta 23. mars 2020.
  11. "Genesis Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 23. mars 2020.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]