Hopp til innhald

Imatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imatra
kommune
Kraftverket Imatrankoski
Land  Finland
Areal 154,99 km²
Folketal 24 919 (31. desember 2023)[1]
Kart
Imatra
61°11′35″N 28°46′35″E / 61.193055555556°N 28.776388888889°E / 61.193055555556; 28.776388888889
Wikimedia Commons: Imatra

Imatra er ein bykommune i landskapet Södra Karelen (finsk Etelä-Karjala) i Finland. Byen ligg ved elva Vuoksa, om lag 5 kilometer frå grensa mot Russland. Imatra har i kring 26 000 ibuarar og er 191,3 kvadratkilometer vid. Finsk har vore einerådande språk her, men nærleiken til Russland har ført til ein del russisktalande har busett seg i byen.

Imatra er ein industriby, med mellom anna treforedlings-, metall- og elektrokjemisk industri basert på vasskrafta frå Imatra-fossen. Det gamle kraftverket er i dag ein turistattraksjon, saman med naturparken som omgir fossen. Tett ved byen ligg Vuoksenniska kirke (De Tre Korsens Kyrka), teikna av arkitekten Alvar Aalto.

Imatra har flysamband frå Immola flyplass og jarnbanesamband til Russland.

«Imatra» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Imatra
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population growth biggest in nearly 70 years».