Ilabekken i Oslo
Ilabekken, tidlegare Akersbekken, er ein bekk i Oslo som i dag er overkvelva. Bekken har utspring på Tåsen, renn gjennom Voldsløkka, og følgjer derfrå Uelands gate ned Iladalen. Bekken kryssar Maridalsveien nedanfor Gamle Aker kyrkje og renn ut i Akerselva ved Nedre Foss. På Tåsen og ved Nordre gravlund renn fleire småbekkar inn i hovudløpet både aust- og vestfrå.
Akersbekken vart lukka frå utløpet til Alexander Kiellands plass mellom 1887 og 1898. Øvre del av løpet, som òg vert kalla Tåsenbekken, vart lagt i røyr mellom 1898 og 1920.
Bekkedalen vart fram til lukkinga kalla Ringsdalen, og var ei markant terrengform mellom Maridalsveien og St. Hanshaugen/Lovisenberg. I Iladalen er terrenget enkelte stader fylt opp heile 12 m, slik at terrenget ikkje lenger minner om den forsvunne Ringsdalen.
Det er laga planar om å opne Ilabekken att på enkelte strekningar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ilabekken (Oslo)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mai 2008.
- Fotnotar
- ↑ Kommunedelplan Anlegg og områder for friluftsliv i Oslo. Handlingsprogram for 2005–2008. Oslo kommune, Friluftsetaten, 2005, se side 23 og 106 (lest 27. april 2008)