Iivo Niskanen
Iivo Niskanen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. januar 1992 (32 år) Uleåborg |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Langrenn under Vinter-OL 2014 – Lagsprint menn, Ski-VM 2017 – 15 kilometer klassisk menn, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 50 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 30 kilometer skiathlon menn, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 15 kilometer klassisk menn, Ski-VM 2021, Ski-VM 2023 |
Iivo Henrik Niskanen (fødd 12. januar 1992) er ein finsk langrennar frå Oulu som vart olympisk meister i lagsprint i 2014 og verdsmeister på 15 km i 2017.
Niskanen fekk sitt gjennombrot under Vinter-OL 2014, der han vann gullmedalje på parstafetten i lag med Sami Jauhojärvi og vart fjerdemann på 15 kilometer. Han tok sin fyrste verdenscupsiger då han vann 15 km klassisk stil i Kuusamo 30. november 2014. To år seinare vann han 15 km klassisk i Kuusamo for andre gong, hans andre triumf i eit verdscuprenn. Under Ski-VM 2017 i Lahti fekk han og Sami Jauhojärvi bronse på parstafetten, to dagar før han sikra seg gullmedaljen på 15 km etter eit framifrå løp.
Også den eldre systera Kerttu Niskanen har hevda seg i toppen av internasjonale langrennstevlingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Iivo Niskanen» frå Wikipedia på tysk, den 7. mars 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Iivo Niskanen» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. februar 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1992
- Finske langrennsløparar
- Verdsmeistrar i langrenn
- Olympiske medaljevinnarar i langrenn
- Olympiske meistrar for Finland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2014
- Finske deltakarar under vinter-OL 2014
- Langrennsløparar under vinter-OL 2014
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2018
- Finske deltakarar under vinter-OL 2018
- Langrennsløparar under vinter-OL 2018
- Finske deltakarar under vinter-OL 2022
- Langrennsløparar under vinter-OL 2022