I Want You (She’s So Heavy)
I Want You (She's So Heavy) Song av The Beatles frå albumet Abbey Road | ||
Utgjeve | 26. september 1969 | |
Innspelt | 22. februar–11. august 1969, EMI og Trident Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 7:47 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«I Want You (She's So Heavy)» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Han er skriven av John Lennon med bidrag frå kona hans, Yoko Ono. Truleg handlar songen om henne.
Songen er ein sjeldan Beatles-komposisjon av fleire årsaker. Lengda er nesten åtte minutt, teksten er minimalistisk samanlikna med lengda (berre elleve forskjellige ord), ei tre minuttar lang avslutting med dei same gitarakkordane om att og om att, songen heller mot sjangeren heavy metal og songen endar særdeles brått. Songen sluttar faktisk utan noko som helst form for avslutting eller nedtoning av volumet og det som Allmusic omtalar som «øyredøyvande stillheit»[4]
Alan Parsons, som var lydteknikar på opptaka forklarte den uvanlege avsluttinga: «Vi jobba med dei siste grepa på denne sida av av LPen og vi sat og lytta til miksinga då John sa; 'Der! Kutt lydbandet der!' Geoff (Emerick, ein av dei faste teknikarane til Beatles) kutta bandet og det var det. Slutt på side ein!»
Lennon nytta ein Moog synthesizer med kvit støy-generator til å skape den stigande og søkkande vindeffekten ein høyrer dei siste tre minutta (frå om lag 5:10). Denne støyen var til stor uro for lydfolka i EMI i 1987 då Abbey Road vart digitalisert. På vinyl var støyen innanfor toleransegrensene, men innanfor CD-teknologien si emne til å gjengi større skilnader i lydstyrke, vart han til eit stort problem.
George Harrison spelte elektrisk gitar på utgåva til Alvin Lee av denne Beatles-songen. Det er den hardaste rockesongen Harrison har medverka på.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – solo- og harmonivokal, sologitar, Moog synthesizer
- Paul McCartney – harmonivokal, bass
- George Harrison – harmonivokal, rytmegitar, sologitar
- Ringo Starr – trommer, congatrommer, vindmaskin[5]
- Billy Preston – Hammondorgel
- (Personell per Ian MacDonald)[6]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Want You (She’s So Heavy)» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2009.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die. s. 62. «the most convincing exploration of blues and progressive rock the Beatles ever attempted, «I Want You (She's So Heavy)»»
- ↑ Perone, James E. (2012). The Album: A Guide to Pop Music's Most Provocative, Influential, and Important Creations. Praeger. s. 213. ISBN 978-0-313-37907-9.
- ↑ Sander, Ellen (25. oktober 1969). «The Beatles: «Abbey Road»». Saturday Review 52: 69. ISSN 0036-4983.
- ↑ «I Want You (She's So Heavy)». Allmusic.
- ↑ «59 – 'I Want You (She's So Heavy)' -». 100 Greatest Beatles Songs. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. september 2017. Henta 17. mars 2018.
- ↑ MacDonald 2005, s. 342.
- The Beatles-songar
- Britiske bluesrocksongar
- Britiske hardrocksongar
- Britiske progressive rockesongar
- Songar produserte av George Martin
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Songar frå 1969
- Alvin Lee-songar
- The Bee Gees-songar
- Booker T. & the M.G.'s-songar
- The Flaming Lips-songar
- George Benson-songar
- Incubus-songar
- John Legend-songar
- Ministry-songar
- Roby Hitchcock-songar
- Sarah Vaughan-songar
- Soundgarden-songar
- Type O Negative-songar