I Feel Fine
«I Feel Fine» Singel av The Beatles | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. november 1964 (USA) 27. november 1964 (UK) | |
Innspelt | Abbey Road 18. oktober 1964 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:18 | |
Selskap | Parlophone R5160 (UK) Capitol 5222 (USA) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«If I Fell» (1964) |
«I Feel Fine» | «Ticket to Ride» (UK-1965) --- «Eight Days a Week» (US-1965)
|
«I Feel Fine» er ein riff-driven rockesong, hovudsakleg skriven av John Lennon, men kreditert til Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut i 1964 av The Beatles som den åttande singelen deira i Storbritannia. Songen nådde toppen av salslista den 12. desember same året og erstatta The Rolling Stones sin «Little Red Rooster». Han låg på toppen av lista i fem veker. B-sida til singelen var «She's A Woman». Songen nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 seint i 1964. I Noreg gjekk songen inn på VG-lista i midten av desember 1964 og låg på førsteplassen i heile seks veker. Totalt låg han 11 veker inne på Topp 10.
«I Feel Fine» oppstod frå det karakteristiske gitarriffet, skrive av Lennon medan dei var i studio for å spele inn «Eight Days a Week». Under innspelinga av songen hadde The Beatles fått meir erfaring med studioinnspelingar og «I Feel Fine» er eit av dei første døma på bruk av feedback som ein effekt i ein song, som artistar som Jimi Hendrix, The Kinks og The Who seinare skulle nytte mykje.[1]
Songen startar med ein enkel, slått tone på McCartney sin bass som varer og varer før tonen til slutt vert omforma og forvrengd av feedback. Då McCartney slo tonen i studio bøygde Lennon seg med eit uhell inn mot forsterkaren og mikrofonen på gitaren hans fanga opp lyden og feedback oppstod. Beatles var forbausa over resultatet og bad produsent George Martin få lyden med på innspelinga.[2]
I USA vart songen gjeve ut på Capitol-albumet Beatles '65. I Storbritannia vart songen gjeve ut på plata A Collection of Beatles Oldies, Past Masters Vol 1 og Beatles 1.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – vokal, solo/rytmegitar
- Paul McCartney – harmonivokal, bass
- George Harrison – harmonivokal, solo/rytmegitar
- Ringo Starr – trommer
- Per Ian MacDonald[3]
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
The Beatles[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
|
- The Beatles-songar
- Songar frå 1964
- Singlar frå 1964
- Singlar frå 1989
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Songar på toppen av VG-lista
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Parlophone-singlar
- Capitol Records-singlar
- Columbia Records-singlar
- Songar produserte av George Martin
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Chet Atkins-songar
- Sweethearts of the Rodeo-songar
- Songar produserte av Steve Buckingham
- José Feliciano-songar
- Die Toten Hosen-songar
- The Ventures-songar
- Floyd Cramer-songar