Hyllestad
Utsjånad
- For kommunen med same namn, sjå Hyllestad kommune.
- For staden i Setesdal med liknande namn, sjå Hylestad.
Hyllestad | |||
stad | |||
Hyllestad
Foto: Egil Husabø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6957 HYLLESTAD | ||
Ferdselsårer | 607 Fv 62 | ||
Hyllestad 61°10′16″N 5°17′45″E / 61.1711°N 5.29583°E |
Hyllestad er kommunesenteret i Hyllestad kommune i Vestland. Staden ligg inst i Hyllestadfjorden og har vegsamband til Lavik i Høyanger kommune og Flekke i Fjaler kommune via Riksveg 607.
I Hyllestad ligg ymse kommunale tenester og Hyllestad kyrkje frå 1880. Hyllestad har vore kyrkjestad frå mellomalderen, men medan kyrkja sidan 1880 har stått på garden Myklebust stod ho tidlegare på garden Hyllestad, kring ein halv kilometer lenger nordaust. Hyllestad er ganske ny som tettbygd stad. Det var i 1970-åra at det vart bygd kommunehus, ungdomsskule, bank, post, butikk og byggjefelt på staden.[1]