Hurum kyrkje
Hurum kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kjetil Lenes
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Asker | ||
Sokn | Hurum | ||
Fellesråd | Asker | ||
Stad | Klokkarstua | ||
Type | langkyrkje | ||
Periode | Romansk | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | ca. 1150 | ||
• Vigd til | Maria møy | ||
Tårn | Ja | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Hurum kyrkje 59°36′51″N 10°27′34″E / 59.61416667°N 10.48634444°E | |||
Wikimedia Commons: Hurum kirke |
Hurum kyrkje er ei langkyrkje av stein frå 1100-talet ved Klokkarstua på Hurumlandet, i Asker kommune i Akershus. Før kommunesamanslåinga i 2020 låg kyrkja i Hurum kommune i Buskerud, og høyrde til Lier prosti i Tunsberg bispedømme. I dag høyrer kyrkja til Asker prosti i Oslo bispedømme.
Frå mellomalderen var Hurum hovudkyrkje i Hurum sokn, som heilt til 1861 òg omfatta Strømmens sokn i Svelvik. Kyrkja brann i 1686. Så godt som alt inventaret i kyrkja er frå etter den tid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Hovs kyrkje på Hurum»
[endre | endre wikiteksten]Hurum kyrkje vart i mellomalderen kalla Hófs kirkia á Huðrimum, og ligg høgt og fritt til på ein morenerygg, 180 meter over Drammensfjorden. Kyrkja er vigd til jomfru Maria den 12. juli. Kyrkjemessedagen vart på slutten av 1300-talet flytta til dagen før Margaretamesse den 19. juli. Kyrkjesoknet vart kalla Hófs sokn á Hudrimum, og kyrkja er bygd på grunnen til garden Hov. Gardnamnet tydar på at garden òg var ein kultstad i heidensk tid. Truleg har det stått ei stavkyrkje på staden før den noverande steinkyrkja vart bygd. Kyrkja ligg på ein liten haug i terrenget som kan vere ein utplanert gravhaug. Fleire øydelagde gravhaugar ligg ved alléen sør for kyrkja. Mellom kyrkjegardsporten og tårnfoten er det funne ein mogleg bautastein, og eit stolpehòl frå vikingtida som er datert til omlag år 770–880 e.Kr. Rett sør for kyrkjegardsmuren låg det tidlegare òg ei større steinsetjing med reiste steinar frå heidensk tid. Kyrkjegardsmuren er eldre enn frå 1629, og dei eldste delene kan stamme frå mellomalderen. På kyrkjegarden har det stått to klebersteinskrossar frå mellomalderen på gravsteinar. Ved arkeologiske undersøkingar i 2010 vart det funne elleve graver frå mellomalderen framfor og under golvet i tårnfoten.
Byggeperiode
[endre | endre wikiteksten]Den noverande steinkyrkja er ein bygning i romansk stil (ca. 1050–1250) frå tidleg mellomalder. Det nøyaktige byggetidspunktet er ukjent. Hovs sokn er første gong nemnd i eit brev datert år 1317. Ei grav frå mellomalderen mellom kyrkjegardsporten og tårnfoten er radiokarbondatert til rundt år 1070-1130, men kan vere eldre enn kyrkjebygget. I 1188/1190 gav broren til kong Sverre, Eirik jarl, garden Hov til Hovedøya kloster ved Oslo, og på det tidspunktet var kyrkja truleg ferdig. Det er truleg at kyrkja er bygd av handverkarar tilknytte bygghytta ved Hallvardskatedralen i Oslo. Tradisjonelt har kyrkja blitt datert til rundt år 1150, men ho kan altså vere både nokre tiår eldre og yngre.
Bygningsarkeologen Øystein Ekroll har foreslått at Hurum kyrkje og nabokyrkja i Røyken, som begge er omtrent like store, og deler mange fellestrekk i byggemåten, har vorte bygde nokså samtidig, og at dei igjen deler mange fellestrekk med ei stor gruppe av romanske steinkyrkjer i Oslofjordsområdet der granitt har vorte nytta som byggemateriale.[1]
Mellomalderhistorikaren Bjørn Bandlien har vist at det ser ut til å ha funne stad ei sterk auke i bygging av steinkyrkjer på bygdene i Norge etter at kong Sigurd Jorsalfare kom heim frå krosstog i 1111. Han brakte med seg ei flis av den heilage krossen, mot eit løfte om å opprette eit erkebispesete og innføre tiend i Norge. Nidaros erkebispedømme vart ikkje oppretta før i 1152, etter Sigurds død, men allereie frå 1120-talet av ser det ut til at tienda vart innført, og bispedømme-strukturen i Noreg vart meir utbygd. Tienda var ei stor inntektskjelde for kyrkja, og kan ha bidrege til at kyrkjebygginga for alvor skaut fart i landet. Borgarkrigstida etter at kong Sigurd døydde i 1130 ser ikkje ut til å ha vore til hinder for auka byggeaktivitet. Tvert imot bidrog Erling Skakke sin allianse med kyrkja, som nådde eit høgdepunkt med kroninga av sonen hans Magnus i 1163, til å styrke kyrkja si stilling ytterlegare. Stormenn som var allierte av Erling kan ha late dette kome til uttrykk ved å ta initiativ til å bygge kyrkjer i sine eigne bygder.[2]
Truleg var det eigaren av Hov, som var den største garden i Hurum i mellomalderen, som tok initiativ til å bygge ei steinkyrkje på garden. Å bygge i stein var dyrt, og eit uttrykk for makt og velstand. Storleiken til kyrkja gjer det likevel rimeleg å gå ut frå at ho er tenkt som ei soknekyrkje heilt frå byrjinga av, og ikkje som eit privatkapell. Bøndene i området har kanskje derfor også bidrege til bygginga. Tydinga til garden Hov skuldast truleg den strategiske plasseringa ved Svelvikstrømmen, der det er mogleg å kontrollere ferdsla mellom Oslofjorden og Drammensfjorden
Etter reformasjonen
[endre | endre wikiteksten]Omkring år 1400 opplyser biskop Eysteins jordebok at kyrkja eigde eigedomspartar i 45 gardar, og var ganske velståande. Etter reformasjonen i 1537 tok krona over eigedomsretten til kyrkja. I 1723 vart ho seld til kanselliråd Nicholai Schwartz på Buskerud i Modum, og året etter vidare til enkja etter Iver Huitfeldt, Kirsten Røyem på Tronstad i Hurum. Ved auksjonen over buet hennar i 1750 vart kyrkja kjøpt av Gustav Blom i Holmsbu og Knud Borch på Selvik. I 1770 vart justisråd og tollar Johan Blom i Drammen eigaren av kyrkja. Meinigheita kjøpte kyrkja av han i 1816.
Etter juledagsmessa i 1686 gløymde klokkaren Jens Christensen å sløkkje vokslysa på alteret. I løpet av natta brann dei ned og sette fyr på alterkledet og alteret, som igjen antente golvet og taket i koret. Brannen vart oppdaga av Erik Pedersen Stokker omtrent tre timar før daggry, då han måtte ut eit ærend etter julefeiringa i Klokkarstua. Han vekte klokkaren, og dei gjekk inn i kyrkja og ringde med kyrkjeklokka for å tilkalle hjelp. Men det bles sterkt frå nordvest den natta, og i løpet av nokre timar stod berre murverket att. Alt interiør gjekk tapt, bortsett frå to seinmellomalderske tinnlysestakar som var lånte ut til Strømm kyrkje. Kyrkja var ferdig restaurert igjen i 1694.
Prestegjeldet vart delt ved kongeleg resolusjon av 2. mars 1861. Fram til 1884 var Berg gard prestegard i Hurum. Etter 1884 har garden Hov nordre fungert som prestegard.
Organisasjonen Hurum kirkes venner vart stifta i 2012, og har sett seg som oppgåve å ta vare på mellomalderkyrkja, interiøret, gravkapella, kyrkjegarden og kulturlandskapet rundt kyrkjestaden.
Bygningen
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har eit rektangulært skip og eit tilnærma kvadratisk kor, som ender i ein halvrund apsis med halvkuppelkvelv i aust. Murene er mellom 1,5–2 m tjukke kistemurar av drammensgranitt, som er dekka av kvit kalkpuss. Utvendig har hjørna kvaderhogd stein. Den gjenmurte sørportalen av skipet frå mellomalderen under det vestre vindauget er dekorert med kvaderstein og tilhogd vederlagsprofil. Også koret har sørportal. Hovudinngangen i vest vart heilt ombygd i 1849. Før kyrkjebrannen i 1686 stod det eit våpenhus av tre framfor portalen her. Rundbogevindauget i apsis er frå mellomalderen. I 1953 fekk det eit glasmåleri av Per Vigeland, med motivet «Den gode hyrde». Koret har truleg også hatt vindauge i mellomalderen, men det noverande vindauget fekk forma si på 1700-talet. Også skipet har truleg hatt eit lite vindauge, men dagens vindauge stammar frå ombygginga i 1849. Korbua mellom skipet og koret var i mellomalderen rundt 2,4 m brei, slik at kor og apsis i større grad framstod som eit eige rom. Trehimlinga i koret er dekorert med skymåleri frå byrjinga av 1700-talet. I mellomalderen har kyrkja hatt kalkmåleri, som vart øydelagde i kyrkjebrannen. Sakristiet vart bygd i1957, etter teikning av arkitekt Esben Poulsson. Mellom 1885 og 1957 fungerte apsis som sakristi, med ein skiljevegg mot koret.
Gravkammeret under koret
[endre | endre wikiteksten]Under korgolvet ligg det ei gravkammer frå mellomalderen, som er 2,4 meter langt og 1,6 meter breitt, med murte sider og ei 1,3 meter høg tønnekvelving av teglstein. Framfor kammeret er det ein passasje opp til golvet. I gravkammeret vart det funne 26 middelaldermyntar. Den eldste av desse er frå Håkon Håkonsson si tid (ca. 1205–1260), medan heile åtte stykke er frå Magnus Lagabøte si tid (ca. 1263–1280). Gravkammeret kan derfor ha vorte bygd på slutten av 1200-talet. Det vart nok opphavleg bygd for eigaren av kyrkja, men på byrjinga av 1600-talet vart truleg Anders Huitfeldt (ca. 1555–1620) og kona hans Margrethe Pedersdatter Litle (ca. 1557–1602) gravlagde her. Epitafiet deira skal ha hengt i koret
Tårnet og kyrkjeklokkene
[endre | endre wikiteksten]På 1600-talet, og truleg også før det, hang kyrkjeklokkene i ein takryttar med spir som stod midt på kyrkjetaket. Han bles ned og vart reparert i 1770. Takryttaren vart nedriven i 1849, og taket vart senka over ein meter lågare. Samstundes fekk kyrkja det første vesttårnet sitt, med saltak. Menigheita var ikkje nøgd med det dei kalla «et Nathueliknende Taarn». I 1885 vart difor den øvre delen av tårnet ombygd, og påsett eit høgt spir. Storklokka er støypt i Christiania i 1695 av Friederich Kesler. Småklokka er støypt av Jan Albert de Grave i Amsterdam i 1725, og var ei gåve til kyrkja frå mora til soknepresten Frantz Bache, fru Helena Heiberg.
Orgel og galleri
[endre | endre wikiteksten]I 1694 fekk kyrkja galleri langs nord- og vestmuren. I 1849 vart det òg oppført galleri langs sørmuren. I 1909 vart galleria på langmurene teke ned, og fasaden til orgelgalleriet vart ombygd.
Det første orgelet i kyrkja var eit 6-stemmars instrument bygd i 1865 av Isak Olsen Engh (1813–1893) på loftet til det gamle Schimmelmannske glassverket. Engh-orgelet vart demontert i 1953, og låg på kyrkjeloftet fram til det vart gjeve som gåve til Drammens museum i 1964. Delar av orgelprospektet til det gamle orgelet er nytta til prospektet for det nye 10-stemmars Jørgensen-orgelet frå 1954. På Drammens Museum er Engh-orgelet ein del av kyrkjekunstutstillinga, og det har blitt restaurert tilbake til spelbar stand. Engh-orgelet har eitt manual og følgjande disposisjon:
- Viola di Gamba 8'
- Gedackt 8'
- Principal 4'
- Quint 3'
- Gedackt 4'
- Octav 2'
Jørgensen-orgelet har pneumatisk traktur og registratur, samt normalkoplar. Vindforsyninga kan skje mekanisk, eller med elektrisk vifte. Disposisjonen til orgelet er slik:
Manual I: Principal 8', Rørfløyte 8', Oktav 4', Mixtur 3 fag.
Manual II: Lieblich Gedackt 8', Spissgamba 8', Koppelfløyte 4', Schwiegel 2', Oboe 8', tremolo. Pedal: Subbass 16'.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Altertavler
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har hatt fleire altartavlar opp gjennom tida. Straks etter brannen i 1686 fekk kyrkja ei lita altartavle i gåve av lensmann Iver Hvid på Strømsø. Ho vart snart erstatta av ei praktfull ny og større tavle i 1697, skoren av båtbyggjaren Stillef Tollefsen Auke i Strømmen, og gjeven i gåve av borgar Christen Evensen Hannevig på Bragernes. Tavla vart tatt ned i 1849, og gitt til Norsk Folkemuseum i 1858.
Mellom 1849 og 1885 hadde kyrkja, som i dag, berre ein altarkross. I 1885 vart det sett opp eit stort måleri av «Oppstandelsen», som utgjorde skiljeveggen mellom kor og apsis. Ved restaureringa i 1952 vart måleriet tatt ned, og hengt opp i det nye gravkapellet frå 1938. Kyrkja fekk då den vesle trekrossen som står på altaret i dag. Denne er ein kopi av ein mellomalderkross frå Glemmen kyrkje.
Døpefont
[endre | endre wikiteksten]Døypefonten er eit bilethoggararbeid frå dei første tiåra av 1700-talet, forma som ein barnestatue i lendeklede som ber kummen over hovudet. Ein døypefont vart gitt til kyrkja før 1708 av Bent Svendsen Selvik og kona hans, men det er usikkert om dette er same døypefonten. Det er mogleg at fonten er frå 1720-talet, og er skoren av same bilethoggar som dåpstavla. Dåpsfatet vart gitt av sokneprest Christen Gregersen si enke Anne Iversdatter i 1687, rett etter kyrkjebrannen. Dåpskanna vart gitt av Susanna Blom i 1726.
Dåpstavle
[endre | endre wikiteksten]Dåpstavla vart gitt til kyrkja i 1726 av Bernt Thomassen Åsgård og kona hans Karen Abrahamsdatter Selvik. Øvst har tavla det krona speglmonogrammet til kong Fredrik IV. Innskrifta lyder slik: «Gud Fader Søn og Aand i den Guds Navn vi døbes. Ved Jesu Kaarsens Blod Den Naade os tilkiøbes. Naar Vandet øses paa Strax Synden er forladt For Børnene, hvis Tro Der griber Jesum fat. af Velagte Man Berent Thomesen Aaskaar som Og Dydige Matrona Karen Abrahams Datter er Denne Givet og Opsat Aaret 1726».
Preikestol
[endre | endre wikiteksten]Etter brannen overtok kyrkja ein gamal preikestol frå Ås kyrkje på Follo. Han vart snart erstatta av dagens preikestol, som vart gitt av Kirsten Røyem ein gong i løpet av dei første tiåra av 1700-talet. Preikestolen er eit praktstykke av barokk akantusdekor, som kom på moten etter at Oslo domkyrkje fekk slik utsmykking i 1697. Preikestolen vart erstatta av ein enklare stol i 1849, men restaurert og gjenoppsett i 1909. Han mangla då himling, og denne er ny. Restaureringa er ikkje heilt korrekt utført. Mellom anna er akantusrankene på portalen sett opp ned, englefigurane som i dag står mellom kor og apsis har truleg tilhøyrt himlingen, og fargane er ikkje opphavlege.
Alterkalk, alterbibel og lysestakar
[endre | endre wikiteksten]Altarkalken med disk er utført av gullsmed Bagge Lauritzen på Strømsø i 1689. Han har truleg arbeidd i Hans Nieman d.e. sin verkstad, og sonen hans, Hans Nieman d.y., lagde ein sognebudskalk, disk og oblateske til kyrkja. Bibelen på altaret er Christian IV si utgåve frå 1633. På alteret står òg tre par tinnlysestakar. Det midterste paret er frå seinmellomalderen. Det største paret stammar er frå 1688. Dei minste lysestakane vart laga i 1955.
Messehaglar
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har to staselege messehaklar. Den eldste av raud fløyel med gullbroderi vart gitt av Kirsten Røyem ein gong før 1750. Ved 300-årsmarkeringa for Iver Huitfeldts død i 2010 fekk kyrkja ein kvit messehakel av familien Huitfeldt, formgjeven av Lise Skjåk Bræk.
Det Huitfeldtske gravkapellet
[endre | endre wikiteksten]Oberst Tønne Huitfeldt let bygge eit gravkapell av tre nord for kyrkja i 1660-åra. Dette brann samstundes med kyrkja i 1686, men kistene som stod her vart redda ut, og eit nytt trekapell vart bygd på same stad. Kirsten Røyem byrja å bygge det noverande gravkapellet rett før ho døydde i 1750, og det vart fullført året etter. Kapellet er bygd i klassisistisk stil, med to krosskvelv. Kjellaren under kapellet vart graven ut på slutten av 1940-talet. I dag står 18 kister oppe i kapellet, medan kjellaren rommar rundt 40 kister. Dette er ei av dwi største og eldste kistesamlingane i Norden. Sentralt i rommet står sarkofagen til Iver Huitfeldt, flankert av to gamle fanestenger med danske og norske flagg. Iver døydde då skipet «Dannebrog», der han var kommandør, eksploderte under slaget i Køgebugt i 1710. Ein modell av dette skipet, gitt av Køge Marineforening, vart opphengt som kyrkeskip i 1962. Skipet erstatta eit eldre kyrkjeskip frå 1700-talet, som no er på Norsk Folkemuseum.
Framfor kyrkja står ein bauta av drammensgranitt med eit bronserelieff av Iver Huitfeldt. Bautaen vart reist i 1910, til 200-årsjubileet for slaget i Køge bukt. Kanonen, som ber namnet «Halvdan Frodesson», er ein 14-pundar frå Christian IV si tid som vart berga frå vraket av «Dannebrog» i 1874.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nasjonalbiblioteket», Nasjonalbiblioteket (på norsk bokmål), henta 14. mars 2024
- ↑ Bandlien, Bjørn (2019). «7». Arvegull. Rygge kirke. Moss: Press.
- Norges Kirker: «Hurum kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning
- Lorvik, Katarina. 2010. Hurum kirke 3 - 2010. Arkeologisk overvåkning av grøft for sprinkleranlegg. Hurum kirke, Buskerud (ID 84662). NIKU Oppdragsrapport 179/2010.
- Sellevold, Berit. 2011. Skjelettfunn fra middelalder og nyere tid fra Hurum kirke, Hurum k., Buskerud. NIKU Rapport Osteoarkeologiske undersøkelser 286/2011.
- Norsk numismatisk årbok 1973, Universitetets myntkabinett, Oslo.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hurum kirke på Kyrkjesøk
- Om Hurum kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Eldre fotografi av Hurum kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Hurum kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren