Houat
Utsjånad
Houat | |
---|---|
Baie de Treach på Houat | |
Geografi | |
Stad | Biscayabukta |
Koordinatar | 47°32′23″N 2°58′11″W / 47.53972°N 2.96972°W
|
Areal | 2,91 km²
|
Administrasjon | |
Land | Frankrike |
Departement | Morbihan
|
Demografi | |
Folketal | 335 (1999) |
Folketettleik | 115 /km² |
Houat (Enez Houad på bretonsk) er ei lita øy ved sørkysten av Bretagne og er ein del av departementet Morbihan. Ho ligg ved inngangen til Baie de Quiberon, og har ei «tvillingøy» kalla Hoëdic. Øya er òg ein eigen kommune.
Øya er 5 km lang, og 1,5 km på det breiaste. Øya består stort sett av granittklippar, bortsett frå lange sandstrender med sanddyner på austkysten.
Houat er staden der handlinga i boka The Portrait (2005) av Iain Pears er lagt.