Hopp til innhald

Hot August Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hot August Night
Konsertalbum av Neil Diamond
Språk engelsk
Utgjeve 9. desember 1972
Innspelt 24. august 1972
Sjanger Rock
Lengd 93:05
Selskap MCA, Universal
Produsent Tom Catalano
Neil Diamond-kronologi 
Moods
(1972)
Hot August Night Jonathan Livingston Seagull
(1973)


Hot August Night er eit dobbelt konsertalbum frå 1972 av Neil Diamond. («Hot August night» er opningslinja i Diamond-songen «Brother Love's Travelling Salvation Show».) Albumet vart spelt inn på ein konsert med Diamond den 24. august 1972, ein av ti utselde konsertar som Diamond spelte den månaden ved The Greek Theatre i Los Angeles.

Dette albumet og det førre studioalbumet, Moods, vert genrelt rekna som dei to viktigaste innspelingane til Diamond i form av å definere signaturstilen hans.

Diamond gav seinare ut to «oppfølgjaralbum», Hot August Night II (1987) og Hot August Night/NYC (2009).

Australsk mottaking

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart ein stor suksess for Diamond og i Australia låg albumet heile 29 veker på toppen av albumlista i 1973 og 1974, noko som berre vart gjenteke av Delta Goodrem med hennar Innocent Eyes i 2003. Denne rekorden vart slått i 1980-åra av Dire Straits med albumet deira Brothers in Arms som låg 34 veker på toppen av albumlista. Albumet låg framleis på Topp 20 i 1976 og gjekk igjen inn på den australske Topp 10-lista i 1982.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Robert ChristgauD [2]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[3]

I ei melding for Rolling Stone skreiv musikkritikaren Lester Bangs kalla Hot August Night ein «fin presentasjon av heile spekteret» til Diamond og hylla musikken for «stor, pretensiøs, fårete pop» med eit melodrama og «ei hymne-liknande kjensle».[4] I meldinga si for Creem avskreiv Robert Christgau albumet som eit mislukka forsøk på «dårleg kunst», og han fann humoren til Diamond «fyndig» og countrysongane hans smaklause.[2]

Sidan har Allmusic-redaktøren Stephen Thomas Erlewine kalla Hot August Night «den ultimate Neil Diamond-skiva ... som syner ikonet Diamond i full prakt».[1] Rob Sheffield kalla i The Rolling Stone Album Guide (2004) albumet «the triumph of Neilness» og sa at musikken var berre noko meir «laus» enn på studioinnspelingane hans, men «munter».[3]

Side 1:

  1. «Prologue»
  2. «Crunchy Granola Suite»
  3. «Done Too Soon»
  4. «Dialogue»
  5. «Solitary Man»
  6. «Cherry, Cherry»
  7. «Sweet Caroline»

Side 2:

  1. «Porcupine Pie»
  2. «You're So Sweet»
  3. «Red, Red Wine»
  4. «Soggy Pretzels»
  5. «And The Grass Won't Pay No Mind»
  6. «Shilo»
  7. «Girl, You'll Be a Woman Soon»

Side 3:

  1. «Play Me»
  2. «Canta Libre»
  3. «Morningside»
  4. «Song Sung Blue»
  5. «Cracklin' Rosie»

Side 4:

  1. «Holly Holy»
  2. «I Am... I Said»
  3. «Soolaimon» / «Brother Love's Travelling Salvation Show»

CD-utgåve i 2000 Disk 1:

  1. «Prologue»
  2. «Crunchy Granola Suite»
  3. «Done Too Soon»
  4. «Dialogue»
  5. «Solitary Man»
  6. «Cherry, Cherry»
  7. «Sweet Caroline»
  8. «Porcupine Pie»
  9. «You're So Sweet»
  10. «Red, Red Wine»
  11. «Soggy Pretzels»
  12. «And The Grass Won't Pay No Mind»
  13. «Shilo»
  14. «Girl, You'll Be a Woman Soon»

Bonusspor:

Disk 2:

  1. «Play Me»
  2. «Canta Libre»
  3. «Morningside»
  4. «Song Sung Blue»
  5. «Cracklin' Rosie»
  6. «Holly Holy»
  7. «I Am... I Said»
  8. «Soolaimon» / »Brother Love's Travelling Salvation Show»

2012 40th Anniversary Deluxe Edition Disk 1:

  1. «Prologue»
  2. «Crunchy Granola Suite»
  3. «Done Too Soon»
  4. «Dialogue»
  5. «Solitary Man»
  6. «Cherry, Cherry»
  7. «Sweet Caroline»
  8. «Porcupine Pie»
  9. «You're So Sweet»
  10. «Red, Red Wine»
  11. «Soggy Pretzels»
  12. «Gitchy Goomy» (new bonus track)
  13. «And The Grass Won't Pay No Mind»
  14. «I Think It's Going To Rain Today» (new bonus track)
  15. «Shilo»
  16. «Modern Day Version Of Love» (new bonus track)
  17. «Girl, You'll Be a Woman Soon»
  18. «Walk On Water»
  19. «Kentucky Woman»
  20. «Stones»
  21. «Musician Intros» (new bonus track)

Disk 2:

  1. «Play Me»
  2. «Canta Libre»
  3. «Morningside»
  4. «Song Sung Blue»
  5. «Cracklin' Rosie»
  6. «Holly Holy»
  7. «I Am... I Said»
  8. «Soolaimon» / »Brother Love's Travelling Salvation Show»

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Neil Diamond - vokal og gitar
  • Richard Bennett - gitar
  • Danny Nicholson - gitar
  • Emory Gordy, Jr. - gitar og vibrafon
  • Alan Lindgren - klaverinstrument
  • Reinie Press - bass
  • Dennis St. John - trommer
  • Jefferson Kewley - perkusjon
  • Strykarar - Sidney Sharp, Philip Candreva, Paulo Alencar, Baldassare Ferlazzo, Robert Lipsett, Haim Shtrum, Ron Folsom, Henry Ferber, Hyman Goodman, William Henderson, John DeVoogdt, Wilbert Nuttycombe, Jay Rosen, Walter Wiemeyer, Shari Zippert, Ralph Schaeffer, Tibor Zelig, Walter Rower, Salvatore Crimi, Richard Kaufman, David Turner (fiolinar), Linn Subotnick, Philip Goldberg, Sven Reher, Myron Sandler, Marilyn Baker, Samuel Boghossian (bratsjar), Jesse Ehrlich, Jerome Kessler, Raymond Kelley, Nathan Gershman, Alice Ober, Giacinto Nardulli (celloar), Timothy Barr, Jess Bourgeois, Don Bagley (kontrabassar)

Orkesteret dirigert av Lee Holdridge

År Liste Plassering
1973 Australian Kent Music Report Albums Chart 1
1974
  1. 1,0 1,1 Thomas, Stephen. «Hot August Night - Neil Diamond». AllMusic. Henta 11. januar 2012. 
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert (March, 1973). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 28. august 2013. 
  3. 3,0 3,1 Sheffield, Rob; et al. (November 2, 2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 233–4. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Bangs, Lester (March 15, 1973). «Neil Diamond: Hot August Night». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 29. mars 2009. Henta 28. august 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]