Horten Verft
Utsjånad
Horten Verft A/S (på folkemunne kjend som Verven) var eit verft i Horten kommune i Vestfold. Skipsverftet vart opphavleg anlagt i 1820, først som orlogsstasjon, frå 1850 som hovudverftet til marinen. I 1854 fekk det namnet Karljohansvern verft.
I 1968 overtok staten og gjorde om Karljhansvern til eit statseigd aksjeselskap under namnet Horten verft.[1] Selskapet gjekk konkurs i 1987 og aktiviteten opphøyrde då. Verftområdet har sidan vorte omgjort til næringspark, og heiter i dag Horten Industripark as (HIP).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Horten Verft» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2020.
- ↑ Horten Verft industrimuseum.no, besøkt 18. juni 2018
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]