Hokkoar
Hokkoar | |
Rustnakkehokko, Penelope pileata | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Underorden: | Theropodar Theropoda |
Infraorden: | Tetanurae |
Familie: | Hokkoar Cracidae Rafinesque, 1815 |
Hokkoar er ein biologisk familie av hønsefuglar, Galliformes. Totalt er det klassifisert ca. 50 artar av hokkoar. Dette er store fuglar i tropisk og subtropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Ein art, kratthokko, har leveområde som grensar i nord til sørlegaste Texas. Trinidadhokko er endemisk for øya Trinidad og kritisk trua, medan llanoshokko lever på øya Tobago i tillegg til leveområdet på Llanos.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]På engelsk språk har tre undergrupper i familien fått eigne namn som manglar samsvarande namn på norsk språk, det er ikkje ei taksonomisk inndeling:
- 'Curassows' - Dei store, «eigentlege» hokkoar kallast på engelsk ofte berre 'curassows', namnet er avleidd frå namnet på øya Curacao. Slektene det gjelder er Nothocrax, Mitu, Pauxi og Crax.
- 'Guans' - Slektene Penelope, Pipile, Aburria, Chamaepetes, Penelopina og Oreophasis kallast 'guans' på engelsk. 'Piping guans' er ei anna nemning for slekta Pipile.
- 'Chachalacas' - Slekta Ortalis, namnet 'chachalacas' kjem av lydytringa hos fuglar innanfor denne slekta.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Hokkoar er store fuglar, generelt har dei utsjånad som minnar om kalkunar. Med unnatak av slekta Ortalis, 'chachalacas', lever hokkoar i tre, medan dei mindre 'chachalacas' finst på meir opent land med krattvokstrar. Mange artar har ganske lang hale, det kan ha samband med livsform i trea. Generelt har dei einsfarga fjørdrakt, men somme artar har fargerike prydnader i ansiktet. Hokkoar varierer i storleik frå guyanahokko som er så liten som 38 cm og 350 gram til storhokko, på nesten 1 meter i kroppslengd og 4,3 kg i vekt. Hokkoar er spesielt vokaliske fuglar.[1]
Desse artane lever av frukt, insekt og ormar. Dei byggjer reir i tre, og legg to eller tre store kvite egg, som hoa rugar aleine. Ungane er langt utvikla ved klekking og er fødd med eit instinkt til straks å klatre i og å søkje skjul i treet der dei vart klekt. Dei er i stand til å flyge få dagar etter klekking.[1]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Hokkoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Slekt Ortalis
- Kratthokko, Ortalis vetula, Plain Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
- Gråhovudhokko, Ortalis cinereiceps, Gray-headed Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)
- Kastanjevenghokko, Ortalis garrula, Chestnut-winged Chachalaca, von Humboldt, 1805, (LC)
- Llanoshokko, Ortalis ruficauda, Rufous-vented Chachalaca, Jardine, 1847, (LC)
- Rusthovudhokko, Ortalis erythroptera, Rufous-headed Chachalaca, Sclater, PL & Salvin, 1870, (VU)
- Sinaloahokko, Ortalis wagleri, Rufous-bellied Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)
- Guerrerohokko, Ortalis poliocephala, West Mexican Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
- Chacohokko, Ortalis canicollis, Chaco Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
- Kvitbukhokko, Ortalis leucogastra, White-bellied Chachalaca, Gould, 1843, (LC)
- Colombiahokko, Ortalis columbiana, Colombian Chachalaca, Hellmayr, 1906, (LC)
- Buskhokko, Ortalis guttata, Speckled Chachalaca, von Spix, 1825, (LC)
- Bahiahokko, Ortalis araucuan, East Brazilian Chachalaca, von Spix, 1825, (LC)
- Skjelhokko, Ortalis squamata, Scaled Chachalaca, Lesson, R, 1829, (LC)
- Guyanahokko, Ortalis motmot, Variable Chachalaca, Linné, 1766, (LC)
- Bleikbrynhokko, Ortalis superciliaris, Buff-browed Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)
Slekt Penelope
- Sølvøyrehokko, Penelope argyrotis, Band-tailed Guan, Bonaparte, 1856, (LC)
- Skjegghokko, Penelope barbata, Bearded Guan, Chapman, 1921, (VU)
- Mørkhovudhokko, Penelope ortoni, Baudo Guan, Salvin, 1874, (EN)
- Andeshokko, Penelope montagnii, Andean Guan, Bonaparte, 1856, (LC)
- Marailhokko, Penelope marail, Marail Guan, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
- Brasilhokko, Penelope superciliaris, Rusty-margined Guan, Temminck, 1815, (LC)
- Raudbrillehokko, Penelope dabbenei, Red-faced Guan, Hellmayr & Conover, 1942, (LC)
- Jungelhokko, Penelope jacquacu, Spix's Guan, von Spix, 1825, (LC)
- Parykkhokko, Penelope purpurascens, Crested Guan, Wagler, 1830, (LC)
- Caucahokko, Penelope perspicax, Cauca Guan, Bangs, 1911, (EN)
- Kvitvenghokko, Penelope albipennis, White-winged Guan, Taczanowski, 1878, (CR)
- Sothokko, Penelope obscura, Dusky-legged Guan, Temminck, 1815, (LC)
- Rustnakkehokko, Penelope pileata, White-crested Guan, Wagler, 1830, (VU)
- Sumphokko, Penelope ochrogaster, Chestnut-bellied Guan, Pelzeln, 1870, (VU)
- Kvitbrynhokko, Penelope jacucaca, White-browed Guan, von Spix, 1825, (VU)
Slekt Pipile
- Trinidadhokko, Pipile pipile, Trinidad Piping-Guan, Jacquin, 1784, (CR)
- Blåstrupehokko, Pipile cumanensis, Blue-throated Piping-Guan, Jacquin, 1784, (LC)
- Raudstrupehokko, Pipile cujubi, Red-throated Piping-Guan, Pelzeln, 1858, (LC)
- Svartpannehokko, Pipile jacutinga, Black-fronted Piping-Guan, von Spix, 1825, (EN)
Slekt Aburria
- Gulflikhokko, Aburria aburri, Wattled Guan, Lesson, R, 1828, (NT)
Slekt Chamaepetes
- Svarthokko, Chamaepetes unicolor, Black Guan, Salvin, 1867, (NT)
- Blåmaskehokko, Chamaepetes goudotii, Sickle-winged Guan, Lesson, R, 1828, (LC)
Slekt Penelopina
- Smekkehokko, Penelopina nigra, Highland Guan, Fraser, 1852, (VU)
Slekt Oreophasis
- Hornhokko, Oreophasis derbianus, Horned Guan, Gray, GR, 1844, (EN)
Slekt Nothocrax
- Brunhokko, Nothocrax urumutum, Nocturnal Curassow, von Spix, 1825, (LC)
Slekt Mitu
- Elvehokko, Mitu tomentosum, Crestless Curassow, von Spix, 1825, (NT)
- Loretohokko, Mitu salvini, Salvin's Curassow, Reinhardt, 1879, (LC)
- Kamnebbhokko, Mitu tuberosum, Razor-billed Curassow, von Spix, 1825, (LC)
- Alagoashokko, Mitu mitu, Alagoas Curassow, Linné, 1766, (EW)
Slekt Pauxi
- Nordhjelmhokko, Pauxi pauxi, Helmeted Curassow, Linné, 1766, (EN)
- Sirahokko, Pauxi koepckeae, Sira Curassow, Weske & Terborgh, 1971, (CR)
- Sørhjelmhokko, Pauxi unicornis, Horned Curassow, Bond & Meyer de Schauensee, 1939, (CR)
Slekt Crax
- Storhokko, Crax rubra, Great Curassow, Linné, 1758, (VU)
- Blåknopphokko, Crax alberti, Blue-billed Curassow, Fraser, 1852, (CR)
- Gulknopphokko, Crax daubentoni, Yellow-knobbed Curassow, Gray, GR, 1867, (NT)
- Trollhokko, Crax alector, Black Curassow, Linné, 1766, (VU)
- Raudknopphokko, Crax globulosa, Wattled Curassow, von Spix, 1825, (EN)
- Krøllhokko, Crax fasciolata, Bare-faced Curassow, von Spix, 1825, (VU)
- Krushokko, Crax blumenbachii, Red-billed Curassow, von Spix, 1825, (EN)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cracidae» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2009
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Rands, Michael R.W. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 89. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar med hokkoar hos Internet Bird Collection
- Lydopptak av hokkoar hos xeno-canto.org